Jonas Sollid f. 06 mars i 1931 kan i år feire 70 år i DFS (Det frivillige skyttervesen) og i alle disse åra har han vært aktiv skytter og unik stor ildsjel. Sollid hylles i dette innlegget av sine.

I helga går Hjelmstevnet og den blide vetereanen kan feire på same bane som han sjølv var med og bygde i 1946.

Han vaks opp med skyting då både far og bestefar hans var ivrig og aktive skyttarar så han fekk det vel inn med morsmjølka. Han utmerka seg i annan idrett både i hopp og langrenn men det vart skyting som vart hans lidenskap.

Han kunne fortelje at han og nabon Lars Settemsdal(Jenstun) køyrde grus med hest og biggvogn da dei starta å byggje banen. Det var sjølvsagt fleire frå hjelmenkretsen til å ta i eit tak for skytterinteressa var stor i bygda. Banen vart byggd der grendahuset står i dag. Det var 100m,300m,600m som var banelengda den tida. Anvisninga føregjekk med ein stor tung hesjastaur som det var festa ei papplate på. Dei hadde nok ikkje mykje elektronikk da nei,kun rå muskelkraft måtte til.

Det er ei  lang merittliste, kunne blitt ei heil bok, men dei største hendingane kan nevnast. Han sjølv fortel at han vart samlagsmeister på Fosen sist på 40-talet i stuper med 6.8. Ei imponerande tid som vart ståande i mange år.

Militærtjeneste og utanning reiste han til Kristiansand og tok. Der lærte han seg jernhard disiplin som han har brukt gjennom livet, ja i den forstand å arbeide med seg sjølv  for å nå mål ein sett seg. Som i den forbindelse var i Vennesla på eit stevne der han hadde oppvisning i skytterkunst. Tre omganger med stuper der poengsummen var 6.8 - 7.0 - 7.1,  imponerande da ein tenkjer på datidens utstyr.

Landskytterstevne 2001 i Bodø vart hans gullår da han blei Norgesmeister i samlagsskyting for veteranar. Nordmør Skyttersamlag bestod av  Håkon T. Gravem,Sunndal,Arnde Bjørn Gapseth,Batnfjord,Jonas Sollid,Hov og Jon Oren Surnadal. Her satte dei ny banerekord med 397 poeng.

Da han fikk slag hadde han ikkje tale og var lam i delar av kroppen, men kona Rachel køyrde han på skytebanen og forlangte at han skaut eit skot, resultatet var ein tiar, og da var det i full gang med trening. Han lærte å prate i rekordfart og med disiplinert trening var han tilbake på skytterbanen.

I fjor vart han råka av lungekreft og gjekk gjennom ein knallhard strålebehandling. Det slo han ut og etterjulsvinteren var knalltøff. Men som han sa, eg har eit mål  og det er å skyte på Hjelmstevnet og feire 70-årsjubileet mitt. Så med eit ukueleg pågangsmot, militær disiplin kan han i dag entre Hjelmen skyttarlag og skyte sin serie.

Kona Rachel Sollid skal og ha ei stor ære som har lagt til rette for at han kunna leve draumen sin fullt ut. Ho har trufast stått ved hans side og reist Norge på kryss og tvers, fjærnt og nært. Ein kan vel eigenleg ikkje førestille seg kor mange timar med venting ho har. Som ho fortalde at det er mykje krossord som er blitt løyst i bilen.

Han har i alle desse åra vert ein stor pådrivar, motivator, ildsjel og hummørspreder i skyttermiljøet i Norge så han har satt djupe spor etter seg. Så han spanderte ei stor jubileumskake til alle skyttarar på Hjelmstevnet i helga. Skytterlaget fikk oppgaven med bestilling og dei ordna med bløtkake med bilete av jubilanten.

Med Jonas sitt ukuelege mot og vilje trass litt smårusk i maskineriet som han sjølv seier,håper vi at han fortsett med sin lidenskap og at vi får oppleve han mange år framover.

Vi tar av oss hatten i ærbødig honnør og Gratulerer jubilanten med

HIPP HIPP HURRA!