VANN ÅPNINGSKAMPEN: Det vart mykje nordmørsjubel i G16-klassa søndag. Både Surnadal 1 og 2 og Sunndal 1 vann sine kampar. Her jublar sunndalingane for 1-0 mot Fjellhamar, i ein kamp dei til slutt vann 3-1.
SURNADAL-COMEBACK: Jenter 14 var første Surnadal-lag i ilden under Norway Cup 2016, og etter at dei låg under 0-2 til pause snudde dei kampen til 3-2-seier.

Søndag var første dag av Norway Cup, verdas største fotballturnering. Turneringa i Oslo varar fram til og med neste laurdag, og heile 25 lag frå Driva-distriktet deltek. 23 spelte kampar i løpet av åpningsdagen.

Eitt av laga som spelte kamp, og attpåtil to, var Halsa/Valsøyfjord sitt 7ar-lag i Gutar 14-klassa. Ved lunsjtider åpna dei med storseier 6-0 over Oltedal, og på ettermiddagen følgde dei like godt opp med å slå Kongsberg-laget Efteløt IL heile 12-2.

- Åpningsdagen har vore knallbra for oss, seier Halsa/Valsøyfjord-trenar Kurt Rønning til Driva.

Han fortel at laget var svært spente på kor dei stod samanlikna med motstandarlaga, og det at det er første gong laget deltek i Norway Cup gjorde spenninga ekstra stor.

- Målsetjinga vår var å reise til Oslo og ha det artig og prøve å vinne nokre kampar, og det har vi jo allereie klart, seier Rønning.

Dei to seirane vart feira med fellesmiddag for heile den bortimot 50 personar store Halsa/Valsøyfjord-delegasjonen på Egon.

Laget møter Gjøvik-Lyn måndag, i det som er deira siste kamp i puljespelet før sluttspelet ventar.

Tøft for dei eldste

Totalt vart det 13 seirar, to uavgjorte og 10 tap for dei lokale laga på turneringas første dag.

I dei eldste klassane vart det tap både for Surnadal/Rindal (G 18/19) og Surnadal/Søya/Todalen (J18/19), med henhaldsvis 0-2 og 0-5 mot sterk motstand i Skeid 1 og Trondheims-Ørn.

Tidlegare Sunndal-spelar Anya De Courcy scora to av måla mot surnadalingane. Ingen av Sunndal sine juniorlag var i aksjon søndag.

Mykje å juble for

I 15/16-årsklassene gjekk det betre, med seirar både til Surnadal 1 (2-0 over Overhalla), Surnadal 2 (6-2 over Ål) og Sunndal 1 (3-1 over Fjellhamar) på gutesida, medan Søya knuste skotske Clark Drive Girls 6-0 på jentesida.

Elles vart det klare seirar både til Surnadal (4-0 over Lyn 3) og Sunndal (5-0 over Vålerenga 2) i G14-klassa, medan også Tingvoll J15/16 7-er (7-1 over Helgerød/Gøif) og Sunndal J13 7er (8-0 over Birkebeineren) vann stort. Surnadal sitt J14-lag åpna Norway Cup med å snu 0-2 til 3-2-seier mot Hafslo frå innerst i Sognefjorden.

Måndag held turneringa fram med dag to av puljespelet, med lokale kampar frå klokka 9 om morgonen til 21 om kvelden.

Norway Cup-resultata til klubbane i Driva-distriktet måndag:

Klasse A (Gutter 11er, 18/19 år):

Skeid 1-Surnadal/Rindal 2-0

Sunndal deltek og i denne klassa, men spelar ikkje sin første kamp i turneringa før måndag 1.8.

Klasse Q (Jenter 11er, 18/19 år):

Trondheims-Ørn-Surnadal/Søya/Todalen 5-0

Sunndal deltek og i denne klassa, men spelar ikkje sin første kamp i turneringa før måndag 1.8.

Klasse B (Gutter 11er, 15/16 år):

Overhalla-Surnadal 1 0-2

Ål-Surnadal 2 2-6

Inderøy 2-Sunndal 2 4-0

Fjellhamar-Sunndal 1 1-3

Rindal-Sotra 4 1-6

Klasse R (Jenter 11er, 15/16 år):

Stranda-Sunndal 2-2

Clark Drive Girls-Søya 0-6

Klasse U (Jenter 7er, 15/16 år):

Helgerød/GØIF-Tingvoll 1-7

Klasse C (Gutter 11er, 14 år):

Lyn 3-Surnadal 0-4

Sunndal 1-Vålerenga 2 5-0

Sunndal 2-Trygg/Lade 1-3

Klasse V (Jenter 7er, 14 år):

Sunndal 2-Skodje 0-5

Bønes-Sunndal 1 2-2

Søya-Senja 0-6

Klasse S (Jenter 11er, 14 år):

Hafslo-Surnadal 2-3

Klasse F (Gutter 7er, 14 år):

Halsa/Valsøyfjord-Oltedal 6-0

Halsa/Valsøyfjord-Efteløt IL 12-2

Lørenskog-Tingvoll 2 15-1

Tingvoll 1-BESA FC 1-8

Fyresdal-Tingvoll 2 2-3

Klasse D (Gutter 9er, 13 år):

Søya-Langhus 2 4-1

Klasse T (Jenter 9er, 13 år):

Surnadal-Åsane 1-4

Klasse P (Jenter 7er, 13 år):

Sunndal-Birkebeineren 8-0

Søya (3 lag)

Rindal (1 lag)

Tingvoll (3 lag)

Halsa/Valsøyfjord (1 lag)

Sunndal (10 lag)

Surnadal (7 lag)