Godt i overkant av 300 personar var innom da Ole Marvin Aarstad opna garden sin for besøkande søndag.  Det var ein godt nøgd bonde som saman med lokallagsleiar John Helde i Nesset bondelag gledde seg over at det kom jamt med folk utover dagen. Mellom dei mange barnefamiliar der spesielt dei yngste sette tydeleg pris på møtet med dyra.

Open Gard er landbrukets årlege store familiearrangement, og bondelaget sin viktigaste døropnar mellom landbruket og folk flest. Dette er dagen alle kan kome på gardsbesøk for å bli betre kjent med bonden, matproduksjonen og livet på garden. Det er lokale bondelag som står bak arrangementa med god hjelp frå andre lokale landbruksorganisasjonar.

- Det er artig å kunne slå fast at dette vart ein suksess. Det er mykje å sjå på for dei er her. Alt utanom maten er gratis. Det er fleire som stiller med stand her. Bondelaget, Tine, bygdekvinnelaget og ein honningprodusent er mellom dei som er til stades. Vi er kjempeheldige med veret. Det er viktig på eit utearrangement som dette, seier Helde.

Brit Karin Vågbø og Sissel Ebbesen Bugge kinna smør medan Bente Svensli steikte flatbrød som dei besøkande fekk smake på. Ute var det salg av grillmat og rømmegraut. I tillegg mange dyr og aktivitetar å vere med på. Det var folkehjelpa som serverte maten. Folk sto i kø for å sikre seg god mat.

I fjøset var det mellom anne eksteriørbedømming av kyr. Tine-rådgjevar Julie Nakken hadde teke vegen frå Surnadal for å ta hand om dette.

Det har minka kraftig på talet mjølkebønder også i Nesset dei siste åra. Rundt 25 heiltidsbøndene som framleis held stand. Talet på produserte mjølkeliter har auka sjøl om talet på produsentar har gått ned. Søndag fekk næringa vist seg fram for dei mange besøkande.