Ormset vart attvald som fylkesleiar på årsmøtet til Senterungdommen i helga. Med seg i styret fekk han Ingrid Nerås Krogsæter (22) frå Haram og June Helen Heen Lien (18) frå Vestnes som nestleiarar. Styremedlemmar vart Kristoffer Strand (19) frå Eide og Ingrid Waagen (24) frå Tingvoll. Varamedlemmar vart Markus Farstad Andersen (19) frå Fræna, Betzy Elise Iversen (20) frå Eide, Roger Schei Bergheim (22) frå Surnadal og Andzej Libako (19) frå Aukra.

Leiar i Senterungdomen, Erling Laugsand, deltok på årsmøtet i heimfylket, noko SU i Møre og Romsdal syntes var gledeleg og til inspirasjon for både gamle og nye deltakarar.

- Erling er og har vore ein stødig leiar for Senterungdomen. Han har gjort ein innsats vi i Møre og Romsdal er stolt av og då er det artig for oss at han kan kome heim og delta på fylkesårsmøtet, Ormset, som no går inn i sitt tredje år som fylkesleiar.

Ormset fortel vidare at det ligg an til eit spanande år for Møre og Romsdal Senterungdom.

- Mykje av styret er nytt og vi har mange nye medlemmar. At det gror godt i organisasjonen er eit godt teikn. Det heng nok saman med at Senterpartiet er jamt over 7 prosent oppslutning på alle nasjonale meiningsmålingar. Vekst i både medlemstal og oppslutning tydar på at vi gjer mykje riktig. Her i Møre og Romsdal meiner vi at vi har ein god sjanse til å få to mandat ved stortingsvalet og det er då ekstra artig at det er ungdomskandidaten, Marit Nerås Krogsæter, som er innstilt på andreplass på stortingsvallista. Vi er kjent med at det er varsla eit benkeforslag på den plassen, men vi i Senterungdomen skal jobbe hardt for å sikre ungdomskandidaten vår plass på stortinget.

- Eit år med valkamp, skuledebattar og ikkje minst val er aldri eit kjedeleg år for ein politisk organisasjon og kjedeleg ligg det ikkje an til at det blir for Møre og Romsdal Senterungdom det komande året heller, legg han til.