Fredag trefte vi elevar frå Øye skule på bakelssal i gangen ved Coop Extra på Skei. Dei var ute etter å skaffe inntekt til helgas store innsamlingsaksjon til Røde Kors, og i løpet av dagen klarte dei å selge bakels for heile 8.857 kroner.

Men det blir berre småpenger mot det dei har klart å løpe inn dei siste dagane. Elevane har skaffa seg sponsorar i foreldre, besteforeldre og kansksje til og med tanter og onklar som har betalt elvane for at dei har sprunge ein runde rundt løpebanen.

I løpet av dei siste dagane har det vorte heile 2731 rundar som er 1.092.400 meter og sponsorane er “loppa” for heile 34.878.

Totalt blir det dermed kr 43.735 kroner til innsamlingsaksjonen frå iherdige elevar ved Øye skule i Surnadal.