I samband med at dei klagar på den fastsatte gaupekvota har Naturvernforbundet sendt følgjande pressemelding :

For stor gaupekvote

- Då gaupekvota blei fastsett for jakta i 2017 gjorde rovviltnemnda eit godt handverk eit stykke på veg. Men dei la vekt på berre momenta for ei høgare kvote, og gløymde å ta med dei momenta som peikar andre vegen. Dette seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Jaktuttaket vinteren 2016 var ein del høgare enn tilveksten. Det blei felt fleire hoer enn det som var tilrådd. Alderssamansettinga på felte dyr i Nord-Trøndelag kan tyde på at ein tok ut av grunnstammen i større grad enn vanleg, sidan det var påfallande få unge dyr som blei felt.

Naturvernforbundet har påverka til at nemnda sine kvotevedtak har blitt redusert mange av dei seinare åra. Mykje tyder på at gaupebestanden i Midt-Noreg no ligg tett ved bestandsmålet. Utan Naturvernforbundet sin medverknad, hadde gaupebestanden no vore under det som er fastsett mål.

Når bestanden no ligg tett på målet, er det vesentleg at ein ikkje gir større kvoter enn at ein vil halde seg rundt dette bestandsmålet framover. Naturvernforbundet har difor sendt ei klage på kvotevedtaket også dette året.  Naturvernforbundet ønskjer at hodyrkvota skal gjelde også felte dyr utanfor område med mål om yngling, sidan også desse dyra i praksis er med i grunnlaget for heile bestanden. Vidare meiner Naturvernforbundet at ein har moment som veger opp for at det kjem dyr inn frå Sverige.

Les meir om kvotetildelinga her