I samarbeid med Skoglauget delte landbruks- og matminister Jon Georg Dale fredag ut 350.000,- kroner i stipend til sju skogfagstudentar frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Mellom dei var Andreas Furnes Fjærli frå Valsøyfjord.

- Skognæringa er ei viktig næring for Noreg både historisk og i tida som kjem. Masterstipenda bidreg til å rekruttere studentar til skogfagstudie, og dermed sikre riktig og god kompetanse som skognæringa har bruk for i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Stipenda deles ut av Skoglauget som er ei forening som består av ulike bedrifter og aktørar frå skognæringa i Noreg. Skog- og trenæringa er ei verdikjede med aukande betyding for ei bærekraftig og klimavennleg framtid. Verdikjeda har føresetnad for å auke i omfang, men er avhengig av kompetente aktørar i hele kjeda.

Godt kvalifiserte studentar

Masterstipendet er på 50.000,- kroner til kvar av dei seks kåra studentane. Stipendet deles ut til den beste halvdelen av kullet ved fullført mastergrad i skogfag. Dei aktuelle kandidatane blir valde ut frå gjennomsnittkarakteren frå masteroppgåva og alle emna som er inkludert i mastergraden. Føresetnaden for å få stipend er at studentane har fullført på normert tid.

Dei seks masterstipenda for 2016 gjekk til:

•         Halldis Linde Lie

•         Lars Halvor Bjørbæk

•         Bente Husby

•         Andreas Furnes Fjærli

•         Martin Bråthen

•         Henrik Tvengsberg

Beste masteroppgåve i år

I tillegg til masterstipenda, blei det og delt ut eit stipend på ytterlegare 50.000,- kroner til beste masteroppgåve. For 2016 gjekk dette stipendet til Simen Løken for oppgåva "Effekt av markberedning, næringsstatus og kortdagsbehandling ved planting av gran".