Engasjerte vaksne frå 4H-klubbane fylket rundt var samla til inspirasjonssamling i Ålesund 13.-15. januar.

Det er 4H Møre og Romsdal som står bak inspirasjonssamlinga. I alt var det med 28 på samlinga frå 4H-klubbar over heile fylket. Programmet starta friskt med innlegg frå «mobbeprofessoren» Tor Arne Johnsen. Deretter var det kurs i det å bli ein tryggare leiar, i motivasjon og diskusjonar om korleis ein kan førebygge mobbing og skape endå betre miljø.

Fornøgd

Leiar i 4H Møre og Romsdal, Berit Fredriksen, er godt fornøgd etter samlinga.

- Dei som deltek er ei god blanding av både gamle og nye klubbrådgjevarar, og slike samlingar gir tilhøyrsle og nettverk. Mobbeprofessoren fekk meg til å sjå ting frå ein ny vinkel, og innlegget om motivasjon frå leiaren i landsstyret Siri Myhre engasjerte meg og dei andre veldig. Eg skulle gjerne hatt med endå fleire deltakarar, men det er veldig tøft at vi har fått med folk frå heile fylket.

- Motivasjonen på topp

To av dei som hadde reist lengst for å delta på inspirasjonssamling var Bjørg Randi Halse og Irene Røe Vaagan frå Halsa 4H i Halsa kommune. Dei er klubbrådgjevarar i ein 4H-klubb med rundt 20 ungar i 10-12-års alderen.

- Det er spennande å treffe andre rådgjevarar og dele erfaringar. Det var spesielt interessant å lære om mobbing og førebygging. Dette går føre seg over alt, og det er nyttig å diskutere det, fortel Irene Røe Vaagan.

- Vi har fått verktøy å ta med heim. Det er viktig med fagleg påfyll, så det er vel verdt å reise så langt for å vere med, stemmer Bjørg Randi Halse i.

- Å vere klubbrådgjevar i 4H er spennande og vi får bidra positivt i nærmiljøet, og kanskje vi ved å legge til rette for gode opplevingar for dei unge får dei til å etablere seg i heimbygda når dei blir vaksne, seier Irene Røe Vaagen og legg til:

- Motivasjonen for å jobbe vidare for 4H er på topp, og spesielt etter slike samlingar.