Ved tidlegare observasjonar av månefisk i norske farvatn, trudde ein at dei var ført nordover med golfstraumen.

Klimaendringar kan ha ført til at vi har fleire observasjonar enn før, utan at ein kan seie dette heilt sikkert. Sikkert er det i alle fall at det er sjeldan å sjå den på våre breiddegrader.

Bjørn Magne Øverås opplyser at det var Svein Rekdal som oppdaga den merkelege døde skapningen i fjøra ved moloen ved Eresfjord Småbåthamn laurdag ettermiddag.

- Den er ikkje av dei største, men er omlag 70-80 cm lang. Spesiell skapning, konstaterer Øverås.