Men andre ser behovet for sentrumsnære bustadtomter, og at desse gjerne kan ligge på nordsida av elva. Ingen kan vel vere ueinig i at ekrene på Buhagen vest byr på flotte tomter med god utsikt. Andre argument var kanskje ikkje like gode.

Helge Røv (Ap) bruka blant anna fylkesmannens uttale om at dyrkajord som ikkje blir bygd ned i Surnadal, blir bygd ned andre stader i fylket.

- Dette er det dårlegaste argumentet for å bygge ned dyrkajord eg nokon gong har høyrt, repliserer Sondre Ormset (Sp).

Tomtebehov og nullvisjon

Røv tek seg inn att med å peike på at dette dreier seg om ein privat utbyggar som sjølv tek samfunnsansvar og risiko for å leggje til rette for bustadbygging for unge som treng tomt - og ikkje minst utan kostnader for kommunen.

Ormset understrekar behovet for dyrkajord til matproduksjon, og viser til Norge som landet med ansvar for å dyrka rein mat.

Tove Mogstad godtek at ein av og til må bruke dyrkajord til noko anna enn matproduksjon, men meiner at å bygge hus kan ein gjere andre stader.

MDG har nullvisjon på nedbygging av matjord. – Vi har ikkje ein kvadratmeter å gje bort. Eg håper verkeleg eit vedtak imot dette vil danne presedens og at Surnadal kommune i framtida ikkje bygger ned matjord utan at det blir heilt nødvendig, seier Erik Moen.

Fleirtal imot utbygging

Marit Langli (H) peiker på at utbyggar ønsker å bruke inntektene av tomtesal til å utvikle resten av garden, og vil stemme imot resten av partigruppa – for ei utbygging av Buhagen vest.

Odd Asbjørn Bævre (Ap) nemner skuleskyss som eit argument, og den samfunnsnytten som ligg i ei utbygging. – Dei som ikkje får bygge her, i umiddelbar nærleik til skulen, kan kome til å bygge på andre sida av dalen med behov for skuleskyss, seier han.

Kathrine Mauset (H) meiner at prinsippet om jordvern her må gå føre ønsket om sentrumsnære bustadtomter og at ein må søkje å finne slike løysingar andre stader enn her.

Tilrådinga frå hovudutvalet for teknikk, miljø og næring om utbygging av Buhagen vest vart avvist på forslag frå Senterpartiet og Margrethe Svinvik.