Det seier frivillighetskoordinator ved Sunndal asylsøkermottak, Kine Jacobsen, til Driva.

I år samarbeider nemleg Ålvundfjord lag av Norske Kvinners Sanitetsforening med Sunndal Mållag og Sunndal Asylsøkermottak, og i dette høvet var lokale, flyktningar (busette) og asylsøkarar (bebuarar) invitert til ein sosial kveld med årets binding av fastelavnsris.

Dermed var det sist torsdag full fart i Fossheim. Det er i samband med språkkafeen ved Sunndal Folkebiblioteket kvar torsdag at alle deltakarane hadde fått invitasjon, og det er god grunn til å tro at eldsjel Nils Ulvund har hatt en finger med i spelet her. Frivillighetskoordinatoren kom sjølv frå Bodø til Sunndalsøra for halvanna år sidan, og på den tida har også ho vort godt integrert i sunndalssamfunnet.

– Eg bur på Håsen – på «rett» side av Driva – og trivst godt med det, smiler ho.

– Artig at det kom så mange, seier sanitetsleder Kari Golberg til Driva. Eit titals medlemmer i den lokale sanitetsforeninga var i full sving med tilrettelegging dei to timane arrangementet varte. Da hadde ein ikkje berre produsert det antalet bukettar som det var lagt opp til – men det vart og tid til bevertning etterpå.

I tidlegare tider var det lokale sanitetsforeiningar i mange kretsar i Sunndal kommune – men no er det berre i Ålvundfjord at ein har eit aktiv lokallag.

– Vi har nok diskutert nedlegging også her, seier Kari.

– Men vi fekk en skikkelig opptur etter at vi i oktober 2016 feira 100-årsjubileum. Og dermed vart vi samde om å halde fram. Innsamling og sal av fastelavnsris er ei viktig, årleg oppgåve for oss. Elles er sanitetskvinnene og å finne som medhjelparar i mange samanhengar i bygda.

Om ein trur det eller ei, så er sal av fastelavnsris sanitetskvinnene si viktigaste inntektskjelde på landsbasis, og frå sentralt hald er det sendt ut ei oppfordring om at så mange som muleg må gje ris til nokon som fortener det!

Nordmenn kjøper kvart år fastelavnsris for rundt 12 millionar kroner.

I over 70 år har sanitetskvinnene selt ris for å skaffe inntekter til lokalt, samfunnsnyttig arbeid og forsking på kvinnehelse og typiske kvinne-sjukdommar.

Når fastelavnssøndagen kjem, har foreiningar over heile landet selt 160.000 ris. Inntektene er eit godt bidrag til aktivitetar som skapar trygge og inkluderande lokalsamfunn i heile landet.