Eit riktig stasmøbel har det vorte, matskåpen Steinar Sæterøy kjøpte på auksjon i Surnadal for nokre år sidan.

Den gongen var skåpen dekt av tjukk okermåling, og Sæterøy håpa i sitt stille sinn at dette målingslaget gøymde ein dekor.

Etter timar med forsiktig skraping og med andre hjelpemiddel, måtte han innsjå at det ikkje fanst teikn til dekorasjon.

Skåpen vart ståande der som lagerplass – fram til han fekk lyst til å prøve seg på litt oppattmåling.

– Eg hadde lenge hatt lyst til å dekorere eit møbel frå grunnen av, og no hadde eg eit godt grunnlag, fortel han.

Han fortel at han aldri har vore så interessert i den tradisjonelle rosemålinga frå Hardanger eller Gudbrandsdalen, først og fremst av di det var så lite nordmørsk over denne målinga, men også litt fordi han ikkje kjende seg i stand til å lære seg teknikken til desse kjende rosemålarane.

– Skulle skåpen min ha dekor, måtte det helst vere noko som hadde med Nordmøre å gjere. Og kvifor ikkje Surnadal? – sidan skåpen sikkert vart laga der for lenge sidan, seier han.

Så kom han til å tenke på eit rosemålingskurs han var med på for ei stund tilbake – halde av Kjersti Skjermo.

Ho kom med nokre mønster til han, som ho kalla for «Surndalsrosa». Han tok vare på mønstra, og fekk seinare høyre at andre meinte at mønsteret heitte «Solemsrosa».

- Eg spurte Georg Solem, og han hadde ei golvklokke på garden med dekorasjon på døra måla av målarar som budde på Solemshaugen.

Sæterøy fekk tilsendt fargebilde, og såg straks at mønsteret på klokka var heilt lik mønstra han hadde fått.

Georg Solem kalla mønsteret for «Sællemshaugrosa».

– Då eg leita rundt på internett, fann eg at ei Tora Sandal hadde hatt ei rundreise på Nordmøre nettopp for å skrive om nordmørske rosemålarar, fortel han.

Ho hadde via målarane på Solemshaugen god plass, sidan dei var noko utanom det vanlege med teknikk og motivval, blant anna med bruk av sjablongar.

I tillegg til Solemsrosa var gjerne knyper, revebjøller og bladkransar mykje brukt.

Det budde altså to målarar på Solemshaugen, Lars Halvardson Fiske, fødd på plassen Trøan i 1799, og sonen Lars Larson Solem (1829-1913).

Tora Sandal skriv i ein artikkel i årboka frå Norsk Folkemuseum for 1947: «Rundt om på gårdene i Surnadalen, finst framleis mengder av rosemalte kister som tilskrives rosemalerne på Solemshaugen. Mest karakteristisk for dalførets kister er bladkranser, for det meste plassert parvis på framsida. Nesten alle de gamle klekistene som ennå finst i bygda frå den tid, er malt av «Sællemshaugjin» (Lars Halvardson Fiske) og malingen hans verkar ennå så frisk i fargane som om de skulle vore malt i dag», skriv ho.

Steinar Sæterøy fann fram tre motiv han var rimeleg sikker på kom frå desse målarane, og gjekk i gang med å dekorere skåpen. No er han ferdig.

– Eg ser det ikkje som noko meisterverk, men meir som eit grunnlag for å samle meir kunnskap om desse to målarane på Solemshaugen, seier han – og meiner at minnet om dei fortener å bli teke vare på.

No vil han gjerne vite meir, og ber om at folk som har ting som er måla av desse to eller har opplysingar om dei tek kontakt – på telefon 71662805.