Noregs Mållag er skuffa over at landsmøtet til Høgre ikkje gjekk inn for å sikre nynorsken gjennom eigen karakter i sidemål.

Likevel er Mållaget glad for at nynorskopposisjonen markerte seg godt på landsmøtet, og at fylkeslaga i både Hordaland og Sogn og Fjordane denne gongen leverte gode framlegg for framleis å ha sidemålsundervisning og karakter.

- Eg synest det er underleg at eit parti som så tydeleg snakkar om kunnskap i skulen, er i stand til å føreslå at 85 % av elevane ikkje skal få kunnskap i skriftleg nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.