Mardalskonserten går av stabelen for fjerde gong i år. Mardalskonserten er ein friluftskonsert som er lagt like under Mardalsfossen. Nord-Europas høgaste fossefall. Datoen er fredag 11. august, fortel Turid Øverås i ei pressemelding.

- Dei foregåande konsertane har hatt karakter av krysningpunktet mellom folkemusikk/jazz/rock. Det har og vore eit visst lokalt bakteppe for val av artistar. Da ligg det naturleg for oss at nettopp Fjord og Fjell med sine røter i vårt fylke og nærområde blir årets artistar. Vi ynskjer med dette Velkomen til ein konsert med forankring i musikktradisjonane på Nordmøre og bygdene rundt oss.  Fjord og Fjell har satt saman eit konsertprogram som alle som vil ha glede av.

I Fjord og Fjell møter vi desse musikarane:

ØYSTEIN SANDBUKT, gitar:

Gitaristen i frå Sunndal har gjort seg merka nasjonalt. Han har mottatt Sunndal kommunes kulturpris, vore nominert til Spelemannspris (2011) og vore vinnar av Gullruta! Øystein vart møremusikar i 1992, og er aktiv i fleire folkemusikkgrupper. Han er ein allsidig gitarist med bakgrunn frå rock og blues, og har ein mastergrad i folkemusikk frå Høgskulen i Telemark. Øystein Sanbukt opptrådde saman med Peter Wergeni på litteraturcruiset under Bjørnsonfestivalen i 2016.

AUDUN SKORGEN , kontra- og elbass:

Er ein av dei fantastiske musikarane som kjem i frå jazzlinja ved NTNU i Trondheim. Hans spesialitet er improvisasjon, og ein heilt eigenarta tapping bassteknikk. I tillegg til å ha vore ein aktiv frilansar, har han òg vore landsdelsmusikar i Finnmark og vart Møremusikar i 2008.

PETER WERGENI , saksofoner, klarinetter og fløyter:

Peter er frå Skåne i Sverige, men har budd på Sunndalsøra sidan 1994. Wergeni er jazzmusikaren som likar å jobbe innanfor mange ulike sjangrar. Han er ein allsidig musikar, som spelar på fleire instrument; hovudinstrumentet er tenorsaksofon, men han speler også sopran-, alt- og barytonsaksofonar, klarinett, bassklarinett og kontrabassklarinett, fløyte og piccolo. Peter er også ein habil keyboardist. I Boston studerte han til ein Bachelor of Music hjå Berklee College of Music. Under Bjørnsonfestivalen i 2016 opptrådde han på litteraturcruiset.

JO INGE NES , trommer, perkusjon:

Jo Inge Nes er ein kreativ perkusjonist, med ein lydhøyr spelestil. Han har 20 års lang fartstid i Møremusikarane og brei erfaring som instruktør for lærerkollegier, skuleklassar og næringsliv. I tillegg har han vore lærar i kulturskulen sidan 1992. Fleire «trommisar» i kulturskulen i Nesset har hatt også hatt gleda av å gå i lære hos Jo Inge.

- Konsertplassen er utan straum og det er ikkje vanleg bilveg dei siste 1,5 km. Vi ordnar med aggregat og transport og alt dette har fungert betre og betre for kvart år. Arrangøren for Eikesdalsdagane og eit solid team frå Norsk folkehjelp sanitet Nesset, er fantastiske til å organisere og gjennomføre alt frå rigging av scene til straum og det som trengs av teknikk, seier Øverås.

Mardalen naturresevat

- Her i Mardalen ved Eikesdalsvatnet, under stupbratte fjell kan du oppleve unik flora med mellom anna varmekjær lauvskog, alm, bregner og urter. Med historia til fossen og kampen om Mardøla som bakgrunn, gjev det ein ekstra dimensjon til konsertopplevinga. Mardalsfossen har stor symbolverdi, og vi vil gjerne bidra til å ta vare på dette unike området som betyr mykje for veldig mange. Mardalen er verna som naturreservat og det er strenge restriksjonar på bruken av området. Vi er priviligerte som får bruke området også til kulturopplevingar. Det er med andre ord mange grunnar til å ta turen både for å sjå Mardalsfossen i all si prakt og å oppleve kultur på høgt plan, seier Turid Øverås i meldinga.

Arrangementet er ein del av Eikesdalsdagene i tida 11.-13. august. Konserten er eit samarbeidsprosjekt med kulturkontoret i Nesset kommune og er støtta av Møre og Romsdal fylekskommune, Møremusikarordninga.

- Dei tre foregåande åra har vi hatt: Henning Sommerro og John Pål Inderberg i 2014, Ola Kvernberg med trio i 2015, og Annbjørg Lien og Roger Tallroth i 2016. Med unntak av i 2016 da konserten drukna i regn, har vi hatt veldig god publikumsoppslutning. Mest på Ola Kvernberg der vi var cirka 300. Dette håper vi å gjenta i år.

Les meir om Eikesdalsdagane og anna som skjer i regionen i stor Drivaguide som vert gjeve ut onsdag 26. april.