Dersom du er kopla til eit vassverk med to brukarar eller meir, vil det bli registreringsplikt for verket frå 1. juli i år. Registrering skjer til Mattilsynet.

Eksisterande vassverk har frist for registrering til 1. juli 2018, medan nye vassforsyningssystem skal ifølge ny forskrift vere registrert før byggestart.

Dagleg leiar ved Trollheimslab, Hanne Waag, var vertskap for ein fagdag i Svorkasalen på Surnadal kulturhus der både kommunale og private vassleverandørar var representert.

Ho opplyser at dei nye forskriftene ikkje går på at vatnet må vere reinare enn før, men at det stillast strengare krav til dei som styrer vassverket om betre kontroll på at vatnet er reint.

Få kjenner nye forskrifter

Waag kjenner seg rimeleg sikker på at det er mange som er tilkobla private vassverk med berre få brukarar, som ikkje er merksame på den nye forskrifta, for eksempel med registreringsplikta.

Dei skjerpa krava skal bidra til å sikre abonnentane tilstrekkeleg vassforsyning med færre driftsavbrot og lekkasjar på vassnettet.

Abonnentane vil også ha rett til oppdatert informasjon på drikkevasskvaliteten.

Forskrifta inneber større ansvar for dei som har små vassforsyningssystem som til hyttegrender eller der nokre få husstandar deler vassforsyning.

Waag gjer merksam på at forskrifta også gjeld dei som leiger ut hyblar til skuleungdom eller andre.

Mykje info på fagdag

45 deltakarar var påmeldt til fagdag.

Rolf Erling Holsdal frå Mattilsynet gjekk gjennom forskrifta med ein kikk på viktige endringar, vurdering av behov for analysar og ansvar/kompetanse for vassverka.

Hanne Waag informerte frå laboratoriet om prøvetakingsflasker, prøveuttak og praktisk info om innsending av prøver.

Deltakarane fekk informasjon frå Folkehelseinstituttet om nasjonal døgnvakt.

Nils T. Halse viste beredskapsplan og eksempel frå Halsabygda vassverk.

Han viste til at dei har gjennomgått realistiske øvelser som har vist kvar ein skal sette inn verkemidla for at alle som er på vakt har klare rutinar for kva som må gjerast om vassverket får lekkasje og om abonnentar ringer inn om fallande trykk.

Jan Erik Pedersen og Gunn Heidi Jentoft frå Skaun kommune gjekk gjennom ROS-analyse og prøvetakingsplan for Malmsjøen vassverk.

– Ein slik dag som dette er viktig for å informere om den nye forskrifta - og vil nok gjere at fleire vil tenkje over kva farar som kan tenkjast å kome inn i brønnen, trur Hanne Waag.