Gudrun Stamneshagen Evjenth på Grøa fekk besøk av jerv på hytta i Grødalen laurdag morgon. Då ho først fekk auge på jerven, sat han berre fem meter frå hytteveggen.

Men då Gudrun sprang av stad for å hente mobilen og få knipsa eit bilde, hadde jerven trekt litt lenger unna hytta. Uansett - eit godt bilde vart det med mykje fin natur - og ingen kan vel vere i tvil om kva art som er avfotografert her.

For den som får oppleve slikt, er dette ei stor naturoppleving, men saueeigarane er nok ikkje like glad for å sjå ein av dei fire store observert i området der dei skal sleppe sauene.