Surnadalingen Trond Tunes bur no i Haugesund saman med familien sin, og arbeider som lærar.

Tunes vart ivrig på børshandel allereie i 2007, etter at ein kollega som dreiv med dette gjorde han nysgjerrig. I starten var han heilt blank og kunne ingenting, men har etter kvart funne suksessoppskrifta. Det er nettavisa karmøyfolk.no som skriv om surnadalingen og børseventyret.

- Første gongen eg satsa, tente eg 10–15 000 og tenkte: «Wow! Dette var jo enkelt», seier han til nettavisa.

Men han fekk seg og ein dyr lærepenge, da han satsa 130 000 kroner etter eit leilighetssal og satt igjen med knappe 30 000. Dette tapet fekk Tunes til å forstå at han måtte lære faget. Og det gjorde han.

I mars i fjor satsa Tunes 300 000 kroner, og resultatet vart eventyrleg...

– Målet då eg investerte, var å kjøpe meg ein liten båt. Så gjekk det så bra at eg begynte å tenke på bil. Men i desember hadde aksjane stige med over 500 prosent, og det enda med at eg kjøpte hus, seier han til karmøyfolk.no.

- På det beste steig verdien på aksjane mine med 110 000 i løpet av ein dag, fortel Trond i nettsaka.

Det er ikkje store veletablerte selskap han satsar på, men på nye, ukjente selskap. Han fortel at bøkene «Aksjeskolen» og «Aksjekjøp og daytrading» har vore biblane hans dei siste åra.

Til dei som har lyst til å prøve seg er eit godt råd frå Tunes å ikkje satse meir einn det ein har råd til å tape. Han deler fleire tips i saka til nettavisa.

Les heile artikkelen her