Person funnen i sjøen

Etter melding om drivande båt. - OPPDATERT
Nyheter

Etter leiteaksjon er ein person funnen i sjøen i Måndalen i Rauma.

Leiteaksjonen vart igangsett etter at politiet fekk melding om ein lettbåt drivande på fjorden søndag formiddag. Motoren var nede og tilkobla, og politiet søkte å få kontakt med eigar av båten.

Då det ikkje lukkast å få kontakt med eigaren, sette politiet igang leiteaksjon i samarbeid med Hovudredningssentralen. Båt, helikopter og frivillige mannskap frå Røde Kors deltok i aksjonen.

Litt over klokka 13 melder politiet på Twitter at ein person er funnen i sjøen. Vedkommande er brakt til land og førstehjelp pågår.

Siste: rbnett.no melder at personen som vart funnen i sjøen er brakt til St Olavs Hospital i Trondheim med Luftambulansen.