- Vi meiner det er uheldig om Miljødirektoratet behandlar driftssøknaden før samla konsekvensar av deponering og behandling av ordinært og farleg avfall på Raudsand er vurdert og drøfta i reguleringsplanprosessen, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i ei pressemelding.

Viktig med eit tydelig politisk signal

Saka kjem opp til politisk behandling i samband med at fylkeskommunen i starten av juni sendte inn høyringssvar til Miljødirektoratet om driftssøknad for «Deponi 2 for ordinært avfall på Raudsand».

På grunn av høyringsfristen rakk ikkje fylkeskommunen ei politisk behandling av høyringsuttalen, men ser det likevel som viktig å sende eit tydeleg politisk signal i saka.

I saksutgreiinga meiner fylkeskommunen at miljørisikovurderinga som ligg til grunn for den diffuse utlekkinga frå deponiet er for svak, og bør utgreiast ytterlegare.

Vidare peikar saka på at det kan få negative konsekvensar for næringar som akvakultur og reiseliv.

Med bakgrunn i desse vurderingane bør Miljødirektoratet derfor ikkje gi løyve før eventuelt eit reguleringsplanvedtak er på plass, meiner Guttelvik .

I saka legg fylkesrådmannen fram følgjande forslag til vedtak:

1. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det ikkje bør gis løyve til deponering av ordinært avfall på Raudsand. Fylkeskommunen meiner at det ikkje er godt nok vurdert korleis deponiet vil påverke miljøtilstanden i fjorden, og at dette må undersøkast nærare. Eit deponi må vurderast etter ein reguleringsprosess med konsekvensutgreiing.

2. Akvakultur- og reiselivsnæringa i området bidreg svært mykje til verdiskapinga i Møre og Romsdal. Etablering av deponi vil kunne få vesentlege negative konsekvensar for desse næringane og hindre framtidig vekst.

3. Møre og Romsdal fylkeskommune er negativ til ei etablering av deponi dersom dette kjem i konflikt med miljømåloppnåing i Regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion.

4. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at det ikkje bør bli etablert ny aktivitet i området før dagens forureiningssituasjon i gruver og eksisterande deponi er betre avklart.