Tunheim kunne fortelje at det var veldig vått tidlegare på dagen, men at det letna litt ut på ettermiddagen mot byrjinga av arrangementet.

– Vi måtte vente med å bere ut pynten til siste liten, ler ho. Ho legg til at ho skjønner at det er stusselig å dra på hageselskap i regnvêret, men tykkjer det er fint at det var såpass mange som tok turen likevel.

Frå dei som var der fekk ho mange gode tilbakemeldingar på arrangementet i hagen på Liabø: gode kaker, fin jazz og ei bra utstilling.

Gikk som planlagt

Tunheim tykkjer det er viktig å kunne stelle i stand «liv og røre midt i kommunen» og er glad for at så mange aktørar (Halsa kunstlag, Frivilligsentralen, Villa Viungen AS, Halsa kommune, Halsa Ungdomsråd) vil vere med på å få til dette.

Teltfestivalen i regi Halsa ungdomsråd gjekk òg som planlagt laurdagskvelden og –natta, med grilling, leirbål, kino og meir.

Gode hjelpere

Halsa kommune sine gledesspreiarar Munaser Ali (15), Elisabeth Kristiansen Glåmen (15), Grete Kristiansen Glåmen (15) og Birgit Sæther Åsgård (16) tykkjer det er artig å hjelpe til på arrangementet. Dei er fungerande velkomstkomité og delte ut armband til alle som kom inn til hageselskapet, samtidig som dei hjelpte til med å selje kaffe og rydde.

Dette er ein av jobbane dei har fått i stillinga som gledesspreiarar, og dei skryt av stillinga si: – Det er artig å ha ein sommarjobb som har så varierte arbeidsoppgåver, seier Grete. Samtidig er det ein jobb kor dei styrer kvardagen sjølv i ein viss grad, så dei påpeiker at ein må vere både sjølvstendig og kreativ.

Utstillarar

Hageselskapet på Villa Viungen er eit arrangement med mykje sjarm og det byr på mange kulturopplevingar. Inne i huset stilte Ingun Redalen (bilete), Hett Glass (glasblåsing) og Eilin Fonstad (bilete) ut kunstverka sine, ute i hagen kunne ein ta ein kopp kaffe og kakestykke levert av May Iren Dønheim Hovde og Rasteplassen, medan Marie Jystad Halse, Øyvind Glåmen og Ola Dønnem spelte avslappande jazztonar i bakgrunnen.