Den gode utviklinga vi har hatt på arbeidsmarknaden i første halvdel av 2017 held fram også frå juni til juli. Når vi tek omsyn til dei vanlege sesongvariasjonane gjennom året  har  arbeidsløysa gått ned med over 100 den siste månaden og over 600 hittil i 2017.

Det siste året har vi hatt ein nedgang i arbeidsløysa på 13 prosent. Blant dei unge under 30 år har nedgangen vore enda større. I denne gruppa er det nå 1 060 arbeidslause, ein nedgang på nesten 22 prosent.

- NAV har det siste året hatt økt fokus på ungdom under 30 år, blant anna gjennom bruk av tiltaksmidlar og tett oppfølging. Dette vil vi halde fram med og gjennom det arbeide for ytterligare reduksjon i arbeidsløysa til ungdommen, seier fungerande fylkesdirektør Kjetil Vassbotn.

I juli  2017 er det 4 027 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,9 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 13,2 prosent frå same månad i fjor.

I juli 2017 har vi 823 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 297 fleire enn i juli 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 850 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 3,3 prosent for menn.

I landet er det 77 431 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 11,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

I Nesset er det no 3,1 prosent ledige, i Sunndal 1,6 prosent, i Surnadal 1,6 prosent, i Rindal 1,3 prosent og i Halsa 2,3 prosent.