Kva seier leppefisken?

Pål Farstad er høgt og lågt for å passe på næringsdrivande sitt ve og vel, det skal han ha. Det ser ikkje ut til å vere noko unnatak når det gjeld fiske av leppefisk. I følgje Tidens Krav seier han om reguleringane som nyleg kom i dette fisket «At dette slår beina under mange spesialbygde båter, der det står fiskere bak som har trodd på dette og som har gjort store investeringer for å tilpasse så vel hensynet til fiskevelferd og oppdrettsselskapenes behov.»

Viss fiske av leppefisk skal vere berekraftig, må ein hauste av eit overskot. I løpet av kring 10 år har fiskeriet på leppefisk auka frå nesten ingenting til millionar av individ. Naturvernforbundet tok opp dette alt hausten 2010. Vi kjenner vel knapt til at det finst eit fiskeslag der ein kan gjere så store endringar i uttaksmengda utan at det får store konsekvensar, for bestanden og gjerne andre bestandar med. Vi kjenner heller ikkje til noko nytt fiskeri der ein har auka uttaket og så regulert det slik at ein har fått til eit langvarig jamt uttak. Det ender kvar einaste gong med noko som liknar ein kollaps.

Forskingsmiljø, dei skal gjere det forskarar skal, måle det som målast kan. Sjølv om fiskeriminister Sandberg ei tid meinte at dei skulle gjere det næringa var tent med, så driv dei mest med å måle. Når dei har målt, så er det andre si rolle å gjere noko med den kunnskapen som ein har fått. Forskarane kan i grunnen berre måle det som ligg bak oss. Dei kan i høgda dra fram kurvar frå andre fiskeri som har hatt same utviklinga. Sjølv om alle dei andre fiskeria enda med kollaps, kan dei ikkje vere brennsikre på at det er slik med leppefisk også. Men når kollapsen er eit faktum, då kan det på vitskapleg vis slåast fast. Men då er det for seint. Politikarane som skal meine noko og ta rette val, som skal sjå inn i framtida og velje den gode vegen i staden for den humpete, dei må huske på dette. Det er politikarane sitt ansvar at ikkje leppefiskbestanden ender i kollaps.

Naturvernforbundet har i sju år vore spent på kva fiskerimynde ville gjere for å avgrense uttaket av leppefisk. Fiskeriminister Sandberg gjer ikkje særleg mykje med uttaksmengda, men bruker tida på å finne ut kven som skal fiske. Det hjelp kan hende litt, men det er avgjerande kor mykje som blir fiska, ikkje kven som fisker, det må Sandberg også forstå.

Kva er det Farstad gjer? Han talar om fiskarane og oppdrettselskapa sine behov. Sjølv næringspolitikar Farstad må no sjå etter kva som er haustbart overskot når det gjeld leppefisk. Viss dette overskotet ikkje er så stort som oppdrettsnæringa treng og fiskarane ønskjer, så er det leppefisken som bestemmer, ikkje oppdrettsnæringa og fiskarane. Det må sjølv næringspolitikar Farstad forstå. Ta deg ein tur til austover til Oslo, Pål Farstad, og tal leppefisken si sak. Før det er for seint.

Mer å lese på Driva:
Siste nyheter

TERRORANGREPET I BARCELONA:

- Vi sprang i panikk

- En skikkelig ekkel opplevelse, sier pensjonert nessetrådmann Liv Husby. Hun og ektemannen Steinar var like i nærheten da bilen braste inn i folkemengden på hovedgata Las Ramblas.

Mener skolevegen er utrygg

En av fire i Møre og Romsdal mener skoleveien er utrygg.

Flyttes til lørdag

«Allsong på Nordstrand» er med hensyn til værmeldingene flyttet til førstkommende lørdag.

- Sier klart nei til deponi

Varaordfører Edmund Morewood i Nesset har ingen tro på at det blir noe av planene om å etablere et nasjonalt deponi for farlig avfall på Raudsand.

Knusende rapport om deponiplanene på Raudsand:

- Planene må skrinlegges

- Det lekker fortsatt eksplosjonsfarlig gass opp fra gruvene på Raudsand. Det er underlig at dette ikke er kommet fram i rapporter som Bergmesteren har bestilt, sier Ola Øverlie.

"Michael Jackson" kommer

Anthony King er verdens mest berømte Michael Jackson-danser og har jobbet tett med Jackson selv i 20 år. Første helga i september skal han ha danse-workshop i Surnadal.

Fra AUF til Mljøpartiet De Grønne:

Mener Støre vingler

Sunndalsjenta Helle Gannestad var i flere år aktiv i AUF. Hun satt i landsstyret og i fylkesstyret for organisasjonen. Nå har hun forlatt partiet og håper på stor oppslutning rundt MDG under høstens valg.

Irriterer båtfolket

Høy fart og ekstremkjøring irriterer båtfolket i Møre og Romsdal.

– Gleder oss veldig

– Skolestarten er like spesiell hvert år, det er alltid kjekt å få mye trivelig ungdom hit, sier rektor ved Sunndal Videregåande skole, Jan Ove Løken.

Starter linje for e-sport

Spiller krigsspill i liga

Nordmøre Folkehøgskole (NOFO) stiller tre lag i verdens største e-spilliga. Elevene skal konkurrere i Counterstrike og League of Legends.

Tilbyr topp artister

Sirkus Agora kommer.

Gjennomføringsprosenten går opp og fraværet går ned:

Ser fram til skolestart

Kabalen er lagt og alt er klart for det nye skoleåret ved Surnadal videregåande skole.

Politikontakt og politiråd:

Sånn skal de jobbe

Politiråd og politikontakt skal bidra til å forebygge kriminalitet og skape trygge lokalsamfunn. I en ny informasjonsfilm forteller politiet mer om hvordan disse skal jobbe.

Kraftig opptur – ordrebok på 1,2 mrd. kr

Langset-konsernet er på veg opp igjen, etter et år ned underskudd som følge av oljenedturen. Ifølge konsernsjef Jan Tore Langset fikk konsernet et overskudd på over 30 millioner kr i første halvår i år.

Utvikler Småøyan

Emil Roger Øyen stortrives ved Småøyan Camping. Han oppgraderer og utvikler campingplassen litt etter litt, og har til stadighet flere ulike prosjekt gående. Inn mot neste sommer har han enda flere planer.