Det vart høgdramatisk då Surnadal/Søya/Todalen og Halsa/Valsøyfjord G14 møttest i det som truleg er tidenes mest lokale semifinale i Norway Cup.

Kampen var berre to minutt gammal då Halsa/Valsøyfjord tok leiinga på eit susande langskot frå Munaser Ali, og fleire mål vart det ikkje før pause. Det vart ein kamp prega av at mykje stod på spel, og det var tydeleg at begge lag ga alt i alle duellar for å sikre seg skalpen til naborivalane.

Vinnaren ville få æra av å møte Kråkerøy i B-finalen fredag klokka 16.30. Gjengen frå Østfold vann to av tre kampar i gruppespelet, men mista plassen i A-sluttspelet på dårlegare målforskjell enn gruppevinnar Falkeid og færre scora mål enn toar Ørskog.

Det var lite å seie på at Halsa/Valsøyfjord var i føringa ved pause.

To sekund frå seier

Fem minutt ut i andre omgang banka så Martinus Kvendset inn 1-1 frå skrått hald ute til høgre, men berre tre minutt seinare tok Halsa/Valsøyfjord tilbake leiinga etter eit uheldig sjølvmål.

Halsa/Valsøyfjord fekk ein enorm sjanse til å gå opp til 3-1 då ballen trilla sakte langs målstreken til Surnadal/Søya/Todalen før den vart klarert.

I staden slo Surnadal/Søya/Todalen grusomt tilbake då kaptein Halvor Fjærvik fekk ballen i returrommet etter ein dødball. Fjærvik fekk godt treff med venstrefoten, og med berre to små sekund igjen på klokka stod det dermed 2-2.

Avgjort på Golden goal

Då det vart teke avspark etter målet sette dommaren i gang Golden Goal, og dermed var det duka for nokre spennande minutt på kunstgraset på KFUM Arena på Ekeberg.

Tre minutt ut i første-målet-vinn-tida vart kampen avgjort, då Surnadal/Søya/Todalen køyrte ein rask overgang og ballen enda hos Lasse Vaseng Hansen.

Med ei hard avslutning vart han matchvinnar, og lokaloppgjeret enda dermed med 3-2 og finaleplass til Surnadal/Søya/Todalen – og det etter at Halsa/Valsøyfjord var i føringa til det stod att berre eit par sekund.

Vann straffekonk

Dramatikk vart det og i Surnadal J14 sin kvartfinalekamp mot Snøgg på Kringsjå. Ei scoring av Hedda Aasbø ga surnadalingane 1-0 til pause, men Snøgg kom tilbake og utlikna. Det gjorde dei og etter at Johanne Kvendset Andersen scora 2-1, og denne gongen snudde dei like godt kampen. Dermed var det Surnadal sin tur til å jage utlikning, og Stine Fiske dunka inn 3-3 mot slutten av kampen.

Fleire mål vart det ikkje, verken i ordinær tid eller ekstraomgangane. I den påfølgjande straffesparkkonkurransen heldt Surnadal hovuda kaldast, og kunne til slutt juble for seier.

Laget skal spele sin tredje kamp for dagen når dei møter Hornindal frå Nordfjord i semifinalen i B-sluttspelet klokka 18.45. Med seier der blir det finale mot anten Ranheim 1 eller Førde 2 fredag klokka 12.15.