Fredrik Bruseth var bror til oldefar til Lars Ramsøy-Halle, og han har naturleg nok vore oppteken av historia rundt dette.

Bestefar til Svein Sæter drog også til Nome for å finne gull.

Desse to var slett ikkje dei einaste nordmøringane som drog opp til Klondike og Nome for å få sin del av rikdommen, og Sæter og Ramsøy-Halle har no laga eit musikkteater basert på brev og muntlege overleveringar frå nordmøringar som deltok.

Svein Sæter har skrive tekst til både tale og til songane i stykket, medan Lars Ramsøy-Halle står ansvarleg for musikken.

– Vi har teke utgangspunkt i kjende personar, men handlinga er fiktiv, sjølv om ho er basert på verkelege historier som nordmøringar har opplevd, fortel Ramsøy-Halle.

Svein Sæter konstaterte at han kunne ikkje skrive tekst til noko slikt utan å ha sett landskapet med eigne auga.

Han og Anita Land tok turen over til Alaska og Yukon i mai, og fann eit landskap som tok pusten frå dei med uendeleg villmark.

Frå der Chilkoot Trail starta, var det framleis 80 mil att til Dawson City i Klondike.

Yukon Territory er halvanna gong så stort som Norge, og i dag bur det rundt 35.000 menneske i heile dette enorme villmarksområdet.

Til samanlikning vaks Dawson City frå null i folketal då byen vart etablert til 40.000.

– Det er fascinerande å tenkje på kor kort tid dette gullrushet varte. Frå Fredrik Bruseth gjorde sitt store gullfunn i 1896, tok det berre eit par år før det heile var over. Og sidan det tok på tida før nyheiter frå Klondike kom ut, tok det mesta eit år før nyheita om gullfunnet nådde USA. Og då var gullrushet eit faktum umiddelbart, seier Sæter.

Ein kan berre tenkje seg det slitet og dei mange dramatiske situasjonane dei kom ut for dei som tok turen til nord for prøve lykka som gullgravarar.

Dei færraste av dei som drog, hadde sjansen til å få gode skjerp.

Svein Sæters bestefar, Anders Sæther, drog altså til Nome – og kom heim med nok gull til å kjøpe seg ein gard.

Fredrik Bruseth skreiv mange brev frå Dawson City, og fleire sitat derifrå er brukt i stykket.

Svein og Anita fann også staden der det heile starta – og der Bruseth fann førekomsten som gjorde han til mangemillionær.

Neste år dreg dei over igjen – på slektstreff til Nome der Anders Sæther var.

Far til Svein, Einar Sæter, gav ut boka «gullfeber» for 25 år sidan, der forfattaren var avbilda i faren sin «pesk» – eit stort klesplagg samansydd av varmande pels frå fleire dyreartar.

Jazzåteateret i Sunndal har fått i oppgåve å setje opp stykket, og meininga er å ha framsyningar både i Hovshall i Sunndal kulturhus og i Storstuå i Surnadal kulturhus. Interessa frå publikum avgjer kor mange framsyningar det blir.

Det deltek elles aktørar og musikarar både frå Sunndal og Surnadal.

Lars Ramsøy-Halle har tenkt bruk av mykje lyd og lydeffektar for å illustrere dramaet, og både lyd, lys og bilde vil vere viktige verkemiddel.

I utgangspunktet hadde ein sett for seg premiere denne hausten, men ein skodespelar i berande rolle har vorte sjuk.

Ramsøy-Halle er litt letta over at dei får litt lenger tid på seg til å perfeksjonere det heile fram til neste haust.

Han har ikkje tenkt spesielt på å legge musikken til den tida gullrushet var. Det blir med andre ord ikkje countrypreg, men derimot tidlaus, akustisk musikk som skal beskrive barske forhold.

– Det har uansett vore artig å jobbe med, og eg kjenner meg trygg på at dette blir ei framsyning for folk å få med seg, seier han.

Elles gjer ein seg mange tankar når ein sit og jobbar med dette stoffet og les historiene til dei som drog over.

– Eg er i alle fall full av respekt for det slitet dei gav seg i kast med etter å ha lese breva frå bror til oldefar min. Det var mange lykkejegerar som berre var ute etter den rikdommen eit stort gullfunn kunne gje. Det blir litt rart når vi ser det i lys av korleis vi tek imot flyktningar i dag – menneske som kjem hit av rein naud, seier Ramsøy-Halle.