Driva har fått tilsendt følgjande tekst og bilete frå Bøfjorden barnehage, som har hatt uteveke:

Etter ein god del planlegging var det klart for å levere ungane ved Mjøksand om morgonen og hente dei der ved stengetid. Det vart ei svært artig og lærerik veke.

Det må seiast at opplevinga ved å få begynne dagen ute i skogen og ved sjøen var spesiell for både vaksne og born. Einaste leikemateriell vi hadde var målarsaker og ei balje. Og dermed vart konglar og pinnar både prinsesser og troll, steinar blei til monster og skogen blei til hus!

Alle aldersgrupper var med på utedagane, dei sov i vogn, beresele eller rett på mosen.

Å vere ute slik heile dagen har gjeve ungane ei unik moglegheit til utvikling av leiken, og vi «lærer av det nære». Alle i Bøfjorden barnehage veit at det heiter ikkje at «sjøen blir stor», men det heiter flo! Berre eitt eksempel på «læring i det nære».

Alle har fått bruka alle sansar og kva er betre enn å få boltre seg i naturen for motorikkens skuld?

Vi fekk laga fleire akvarium og fiska sikkert «hundre tusen krabbar». Kanotur og fjelltur blei det og.

Onsdagen midt i uteveka var vi på settemsvarden, etter frukost i Mjøksand. Turen var saman med skulen, og dei små fekk god hjelp frå dei eldre. Det var veldig kjekt.

Veka gjekk svært fort og vi må vel seie at det fristar å gjennomføre noko slik seinare og.

Til slutt vil vi takke 4H som lånte ut gamma til oss så vi fekk oppbevare ting som vogner med meir, kanoar og andre ting.

Helsing Bøfjorden barnehage.

Alle foto: Bøfjorden barnehage/Elin Merete Hamnes.