Pressemelding:

Reformasjonsjubileum på Nesset prestegard.

Reformasjonen i eit samfunnsperspektiv; kongen tar makta frå Paven i Roma.

I år er det 500 år sia Martin Luther slo opp 95 teser på kirkedøra i Wittenberg.  Året 1517 vart startåret for reformasjonen i Nord -Europa og fekk stor betydning for samfunnsutviklinga i Norden og Norge.

Vi feirar reformasjonen i Norge på Nesset prestegard 12. oktober. Mads Langnes frå Romsdalsmuseet held foredraget: «Reformasjonen i eit samfunnsperspektiv». Organist Erik Fostervoll, sogneprest Rangnhild L. Due og forsangargruppa i Nesset kirke presenterer reformasjonssalmer av Martin Luther og Petter Dass. Det blir både allsang og solo orgel.

Norge var på begynnelsen av 1500-talet eit stort rike med 11 bispedømme; seks på fastlandet og fem på dei vestlege øyane frå Orkenøyane til Island og Grønland. Norge var ikkje samla under ein konge og dermed underlagt både paven i Roma og det danske kongehuset.

Christian III som etter kvart tok over makta i Danmark-Norge etter at Fredrik I døde i 1533, fikk riksmøtet i København i 1536 til å vedta den nye kirkeordninga som innebar ei Luthersk statskyrkje både i Danmark og Norge og at Norge skulle vere lydrike under Danmark.

I Norge hadde erkebiskop Olav Engelbrektsson i samband med riksmøtet i Bud i 1533 prøvd å unngå unionen med Danmark og beholde Norge som katolsk, men måtte flykte frå landet i 1837.

Reformasjonen i Norge vart etter dette innført med list og lempe og dei aller fleste prestane fekk halde fram i embetet sitt og kongen i Danmark fekk eit tydeleg maktapparat i Norge.

Mellom øktene blir det salg av kaffe og lefse.

Romsdalsmuseet, i samarbeid med kirka.