Fylkesmannen si tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i oktober 2016 var at Sunndal og Surnadal kommune burde slå seg saman til ein kommune for å bli berekraftig og robust nok til å møte framtidsutfordringane. Slik samanslåing blei det som kjend ikkje gjort vedtak på, verken i Sunndal eller Surnadal.

Sunndal ville stå som eigen kommune, medan Surnadal helst ville slå seg saman med Halsa og Rindal. Slik gjekk det ikkje. Dei to nabokommunane «ville ikkje ha» Surnadal, som dermed ufrivillig vert ståande åleine. Likevel vil både Surnadal og Sunndal på ulike måtar bli råka av at nabokommunar slår seg saman med andre. Halsa og Rindal blir dessutan ein del av Trøndelag fylke på framtidas kart.

Fleire interkommunale samarbeid vil dermed bli avvikla når dei nye kommunane blir etablerte. Difor tildeler Fylkesmannen 100 000 kroner i ekstra skjønnsmiddel til Sunndal og Surnadal kommune, slik at dei to kommunane kan få ekstra høve til å sjå på framtidige samarbeidsløysingar for å vurdere kva som tener dei best.

– Ein del omsyn å ta

Fylkesmannen seier i tildelingsvarselet at han ønsker å vere ein medspelar og dialogpartner i prosessen som kommunane måtte sette i gong, og inviterer til eit møte med rådmann og ordførar i begge kommunane i løpet av 1. kvartal i 2018. Kommunane står elles fritt til å disponere pengane slik dei vil.

Kommunane har allereie SuSu-samarbeidet, der både Fylkeskommunen og kommunane sjøl har løyvd pengar til. Så kva skal desse ekstramidlane brukas til? Surnadalordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) ser i alle fall ikkje på dette som eit bidrag til å planlegge nokon framtidig samanslåing med Sunndal, sjøl om Fylkesmannen helst ser at desse to går saman i framtida.

– I samband med kommune- og regionreforma blir det mykje møteaktivitet, så 50 000 kroner på kvar kommune er ikkje mykje pengar i så måte – det blir ikkje mange ferjeturane av det, for å seie det slik. Dette er pengar vi vil bruke til å sjå litt på kva vi gjer i forhold til interkommunale samarbeid når nabokommunane slår seg saman med andre. Om vi blir ståande åleine så er det ein del omsyn å ta, så vi må sjå både på nosituasjon og på framtidssituasjon, seier ho.

Frir ikkje til Sunndal

Enda har ikkje politikarane i Surnadal kome så langt at dei har begynt å sjå på interkommunale samarbeid og kva som bør eller må gjerast i framtida.

– Vi føler at løpet er lagt i reformarbeidet, så no skal vi først prøve å roe oss og lande litt. Og vi flørtar på ingen måte med Sunndal, innbyggarane sa tidleg i prosessen at dette ikkje er eit alternativ. Vi var ikkje aktuelle for Sunndal, og det var og uaktuelt å slå seg saman med Sunndal for surnadalingane. Så vi er slett ikkje verken i nokon forlovelses – eller giftesituasjon med Sunndal, sjøl om Fylkesmannen sikkert ønsker seg eit slik giftarmål, slår ho fast.

Men Nyheim understrekar at Surnadal framleis skal samarbeide bra og ha eit godt forhold til naboane sine.

– Og dette skal gå i alle retningar, både nordover, sørover, vestover, – og austover for den del – sjøl om det er berre fjell der, smiler ho.