Riksantikvaren har oppmoda alle kommunar om å utarbeide kulturminneplan. Målet er å få satt kulturminna i eit system med registrering og der ein ser dette i ein samanheng. Det vil mellom anna bli laga handlingsplan for vidare vern, forvaltning og formidling. Å ha slike oversikter og prioriteringar er viktig for kommunens innbyggarar både med tanke på interesse for kulturminne i seg sjølv og ved for eksempel reguleringsplaner og utbyggingar.

Mange spor

Nesset har spor etter menneske sitt liv og virke frå uminnelege tider. Ein kan nemne mange tusen år gamle helleristningar, fangstanlegg i fjellet, plankar frå kavlvegen over Tiltereidet som er datert til før vikingtida og nyare kulturminne som fortel oss mykje om folk sine liv og virke i bygdene våre. Det handlar både om materiell og immateriell kulturarv. I omskiftande tider gjev dette oss kunnskap, tilhøyrigheit og forståing som er viktig å ta vare på og ha med seg.

Stor interesse

Det er stor interesse og mykje engasjement knytt til lokal historie, kulturarv og kulturminne. Med dagens digitale verkty vil ein kunne knyte registrerte kulturminne opp mot f.eks. turkart, turistattraksjonar osv.

Kulturminna er som regel eigedommar, bygningar, anlegg o.l som er i privat eige. At kulturminna får ein status som registrerte i ein kommunal plan betyr at dei bør takast omsyn til ved evt. utbygging, endring eller restaurering. Det betyr ikkje at dei er freda, men at dei kan vere verd å ta vare på. Det kan og vere grunnlag for ulike tilskotsordningar ved for eksempel restaurering. Detaljerte reglar og retningslinjer for dette finst i ulike lover og reguleringar som kommune, fylkeskommune osv. kan gje nærmare informasjon om.

Ferdig i 2018

Nesset kommune har vedtatt oppstart av arbeidet med Kulturminneplan for Nesset og fastsett planprogram for arbeidet. Kulturminneplan for Nesset er tenkt ferdig og vedtatt i løpet av 2018. Det er planlagt to bygdamøter denne veka der ein ynskjer innspel og medverknad til planarbeidet.

På møta vil vi få ein presentasjon av Nesset historielag som har samla mykje stoff både i intervju med pesonar og med film og bilete. Det er møte i Eidsvåg tirsdag 16. januar, og torsdag 18. januar i Eresfjord. Vi håper på godt oppmøte og stort engasjement, seier kulturleiar Turid L. Øverås.