Trondheimssolistane er eit kammerorkester med base i Trondheim. Dei gjer konsertar i alle delar av verda, og med alle slags gjestemusikarar. Til å leie publikum gjennom konserten var dirigent Geir Inge Lotsberg. Kveldens repertoar bestod for det meste av kjende komponistar. Det var alt frå Edvard Grieg og Fartein Valen frå Noreg til store namn frå Danmark og Austerrike.

Gjennom konserten uttrykte musikarane mange ulike kjensler, alt frå intens lykke til stor sorg. Alt i alt var det ein fin og variert konsert med noko for ein kvar smak.

Til å opne konserten hadde Trondheimssolistene fått med seg fiolinelevar frå Sunndal kulturskole og Kulturskolen på Indre Nordmøre. Saman med dei profesjonelle musikarane spelte dei både vanskeleg og vakker musikk. Det var lett å høyre at det låg mykje øving bak, og dei unge fiolinspelarane strålte på scena. Det var alt frå nybegynnarar til erfarne elevar, og alle hadde sin plass og si stemme. Kulturskulelærar Synnøve Hammervold fortel at det var 14 elevar på scena i Hovshall, men at det kunne ha vore fleire.

- Vi er eigentleg fleire, men det var ikkje alle som kunne kome. Det er litt lang reiseveg for dei som bur lengst unna, seier ho.

Kveldens stemme var Sigrid Vetleseter Bøe frå Bøfjorden. Ho har studert klassisk song både i Trondheim og Stockholm, og er eit kjend namn for mange i Nordmørsområdet. Denne kvelden gjekk ho på krykker, men det såg ikkje ut til å vere noko hinder at ho måtte sete og synge. I avdelinga på fem songar var ho innom alt frå Grieg og Bjørnson til tragiske opera-arier.

Publikum var fjetra frå første tone, og ingen slepte pusten att før ho var ferdig med å synge.

Som avslutning på konserten spelte Trondheimssolisene ei lyrisk suite av den austerrikske komponisten Alban Berg. Geir Inge Lotsberg beskreiv meininga bak alle dei seks satsane, og det var lett å kjenne att det han sa i musikken.

Dette var ei verdig avslutning på ein verdig konsert.