Øyabrua har vore stengt for motorkøyretøy sia november 2017, da ein teknisk kontroll avslørte at brua var i for dårleg forfatning på grunn av manglande vedlikehald gjennom ei årrekkje. Sia november har brua berre vore opa for gang- og sykkeltrafikk. Dette har ført til at all trafikken med motorkøyretøy no blir kanalisert gjennom Brusetmelan og over Brusetbrua.

Brusetmelan er ein usikra og smal fylkesveg, der det manglar rekkverk mot elva Toåa.

Bekymra todalingar

Den første og einast dødsulykka i Todalen skjedde her for snart 100 år sia og er lite er forandra sia. Todalingane er bekymra for korleis tilhøva blir med auka trafikk her, og over Brusetbrua, som er nedklassifisert og faktisk er på VGs raudlista for norske bruer.

No står endeleg Øyabrua oppført som sak på møte i Hovudutval for teknikk, miljø og næring, og det skjer alt på onsdag 21. mars. Det vart sterke reaksjonar i Todalen, da sakspapira for møtet kom, og det vart kjent at rådmannen si innstilling var å stenge brua for biltrafikk for godt, og i tilfelle berre bruke brua slik som ho er - til gang- og sykkelbru.

Folkemøte

Difor vart det i all hast kalla inn til folkemøte om saka. Det skjedde etter at Ragnhild og John Moe, som er naboar til Øyabrua, tykte at dette gjekk for vidt. På eit par dagars varsel samla innkallinga til folkemøte fullt hus i Todalen ungdomshus søndag kveld.

På møtet orienterte John Moe om kva som har skjedd i saksgangen om Øyabrua, og kva som har vore gjort av vedlikehald eller manglande vedlikehald oppgjennom åra. For rundt 15 år sia vart brua skadd av flaum/isgang, og i samband med reparasjonen vart ho nedklassifisert frå 10 til 4 tonns totalvekt. Dermed vart det skapt problem for trafikken i samband med jordbrukstrafikken. Med auka intensitet i jordbruket har dette behovet berre auka dei siste åra.

Det vart etter kvart framsett mange argument på folkemøtet som tala for å få ny Øyabru. Det vart vist til trafikksikkerheit i samband med trafikk til skulen, og trafikkfaren i Brusetmelan, forringa bukvalitet for dei som bur i området og ikkje minst er Øyabrua eit knutepunkt i samband med bruken av skulen, barnehagen, kyrkja og ungdomshuset i fellesskap.

Positiv vilje

På møtet vart det klart at nærast alle frammøtte var sterkt misnøgde med signala om varig stenging av Øyabrua, og det kom fram mange og sterke argument for å at det skulle arbeidast for å få ei ny Øyabru over Toåa. Difor var det vedteke ein «resolusjon» med underskrifter frå både både folkemøtet og folk elles, som skal overleverast til rådmannen og møtet i Teknisk hovudutval.

På tampen av møtet kom det imidlertid eit signal frå det politiske miljøet, om at det var positiv vilje til å arbeidet for å fornye Øyabrua i Todalen. Det set todalingane no sin lit til.