– Vær så snill ikkje å gå tur i Stranda på denne tida av året! Har fått med meg at fleire er freista til å gå gamlevegen (Opdølstranda), sidan det er så fin vårstemning langs fjorden. Eg har teikna inn dei vårsnøfonnene eg ser frå Opdøl. Fire av dei har gått i dag, opptil fleire gonger! Det er lett å gløyme at det er mykje snø høgt oppe når ein sjøl går og ser hestehoven ved fjorden, men det er ein livsfarlig sport. Og fonnene går dagleg i dette været, det er ikkje slik at har den gått ein gong, så er det ufarleg. (Det har gått 2 fonner i Midtbekken medan eg skreiv dette her..), skriv Eystein på Facebook-sida til Ålvundeid bygdalag onsdag ettermiddag.

Han legg og til at åtvaringa godt kan utvidast til og å gjelde dei som vurderer tilsvarande tur frå Sunndalsøra.