Surnadal bibliotek inviterer til norrøn aften i kulturhuset. Dit kjemTor og andre frå norrøn mytologi når Teatret Vårt kjem til med «Tjalve og Roskva – Det store kappløpet» fredag 4. mai.

Dette seier biblioteket om forrestillinga:

Tjalve og Roskva førebur seg til eit stort kappløp. Tjalve er ein av dei raskaste til å springe, men plutseleg blir han så redd for å tape at han ikkje vil vera med i løpet likevel.

Då kjem Roskva til å tenke på den gongen dei var med Tor med hammaren til Utgard. Tor ville utfordre jotnane, slik at det ein gong for alle skulle bli klart for heile verda kven som var sterkast, raskast og smartast av dei alle. Herskaren til jotnane, Utgards-Loke, ensa dei nesten ikkje då dei kom for å utfordre jotnane. Og kven var det Tor valde ut til å springa om kapp med Huge? Jau, Tjalve. Og då var ikkje Tjalve redd for å tape i det heile.

Myter er evig aktuelle. Dei fortel oss ikkje berre om for lenge sidan eller i gamle dagar. Myter har ein eigen verdi. Når vi sett dei inn i vår tid kan dei fortelje om no, alltid og kvar gong. Bli med Tjalve og Roskva inn i den norrøne mytologien – til den gongen guden Tor tok med seg to menneskeborn til Utgard for å kjempa mot jotnane; dei store kjempene.

Norrøn mytologi møter notida i denne leikne og morosame framsyninga fylt med fart og spenning for heile familien frå 6 år.

Før forestillinga, kl. 17.00, blir det aktivitet i foajeen: Er det sant at det er Tor som lagar lyn og toden? Og Hugin og Munin; kven var dei? Hør mange spennande historier om norrøn mytologi – om du finn Yggdrasil, kunnskapens tre, i foajeen på Surnadal kulturhus.