Søndag samla temadagen om elbilar eit 40-tals bilinteresserte og andre på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Vi som trudde at det med el-bilar var noko nytt fekk tru om igjen. Einar Oterholm som var dagens gjesteførelesar kunne fortelje at den første elbilen kom til Norge alt i 1903 – altså for godt over 100 år sia.

Vi fekk heile historia med utviklinga av den første elektromotoren, som skjedde alt i 1834 og den første elbilen i 1851. problemet var berre at det omtrent ikkje fantes tilgang på straum. Det første batteriet vart utvikla i 1885 og vart bruka i nokre taxiar i New York frp 1897.

Men forbrenningsmotoren, T-Forden og tilgangen på bensin som drivstoff rundt førre hundreårsskifte sette nærast ein stoppar for elbilane, og det var stille på den fronten i lang tid framover. På 60-talet var det eit bussprosjekt på gang i Førde, Elbil AS, som laga 3 bussar før det vart stopp. På 90-talet kom Think i Aurskog, og det vart laga nokre bilar som vart bruka under Lillehammer-OL og seinare eit par tusen bilar før det gikk i stå, og det lovande prosjektet vart selt til utlandet før den moderne elbilalderen eigentleg kom i gang ved tusenårsskiftet.

Da kom det såkalla trillingprosjektet til Mitsubishi, Citroen og Peugeot som alle var produsert ved Mitsubishi, og var dei første skikkelege elbilane. Sidan kom Nissan Leaf i 2011, samt Tesla og VW med sin E-Up! og seinast E-Golfen i sommar. Etter kvart er det også kome ein god del ladestasjonar og hurtigladestasjonar som kan lade bilen på 20-30 minutt. Dei næraste her er på Valsøya, i Kristiansund og seinare i haust på Sunndalsøra.

Men lokalt har vi nokre pionerar som var tidleg ute med elbil, og som sjølvsagt var tilstades på elbildagen. Fredrik Sjøflot (86) var nok den første til å kjøpe elbil her på traktene, en Think 2001 modell. Han har altså kjørt elbil i heile 13 år, og er godt nøgd med det. - Kjører lite no for tida, men det er både praktisk og billig, seier Sjøflot. Asbjørn Heggem frå Halsanaustan var også tidleg ute, og starta med ein Think, men det siste året har han kjørt Tesla. Men dei er einige om at det er billig – vi betaler berre personbillett på ferja, og slepp bompengar og vi slepp å betale meirverdiavgift ved kjøp av bilar.

Mykje besøk på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden

Bernt Bøe er leiar i Bøfjord historielag, og primus motor for drifta ved Sjøbruksmuseet. Han fortel at dei har drevet med temadagar i snart 20 år, og det er no meir populært enn nokon gong. Sia starten har dei arrangert tilsamen rundt 300 temadagar, og dei siste åra har det vore rundt 60 deltakarar i snitt.

Det varierer litt med kva slags tema vi har å by på, men vi har mange som praktisk talt er stamgjestar frå bygda her, men også mange utabygdes frå.  Sjøbruksmuseet er nærast eit sosialt tiltak som har ein slags ”pubfunksjon” her i i bygda, fortel Bernt Bøe, og legg til at alle tema har historisk- eller kulturelle tema.