Styrka heimetenester og omdisponering av Stangvik aldersheim er to av dei føreslegne tiltaka i ein rapport som tek for seg komande omsorgsbehov og utfordringar i Surnadal kommune.

Surnadal kommune ønskjer ei vriding frå institusjonsdrift til meir førebyggjande/heimebasert omsorg. På bakgrunn av ei samling mellom trepartssamarbeidet i kommunen, altså administrasjonen, tillitsvalde og politikarar, bad formannskapet i fjor kommuneadministrasjonen om å legge fram ein sak om dei framtidige omsorgsutfordringane i kommunen.

Denne rapporten, som no er klar og som vart overlevert før sommarferien, inneheld og forslag til kortsiktige- og langsiktige tiltak, for på best mogleg måte å tryggje innbyggjaranes omsorgsbehov i framtida.

Forslaga til tiltak på kort sikt:

1. Stangvik aldersheim blir avvikla som aldersheim, reduserer med 15 institusjonsplassar:

  • Aldersheimen kan byggjast om til åtte tilrettelagde bustader enten i kommunal eller privat regi.

2. Heime tenestene blir styrka tilsvarande:

  • Heimebesøk til eldre over 75 år. Kompetansestillingar i heimebasert omsorg. Opprette saksbehandling/tildelingsfunksjon innan pleie og omsorg.

3. Mulighetsstudie helsehus:

  • Lokala til BOA (Bu og avlastningsavdelinga), OBS-posten, Rehab og dagsenteret; bør vurderast ombygd til helsehus. Det vil vere behov for utviding av arealet i høve til i dag, då heimetenestene bør flyttast hit.

  • Lokala til heimetenesta; kan bli vurdert omgjort til omsorgsbustader (bufellesskap eller dagtilbod for demente).

Godt motteke

Hovudutvalet for helse og omsorg (HHO) fekk orientering om rapporten frå einingsleiarane Margrethe Svinvik og Ann Kristin Tørset, saman med kommunalsjef Gunnhild Eidsli.

– Vi tok så initiativ til å spreie denne informasjonen til Surnadal sjukeheim og Stangvik aldersheim, og kalla inn til eit møte med lag og organisasjonar innan helse- og omsorgssektoren i kommunen, fortel ordførar og daverande leiar i HHO, Lilly Gunn Nyheim.

Inviterte på møtet var pårørandeforeiningane, sanitetsforeiningane, eldrerådet, pensjonistforeininga, ungdomsrådet, rådet for funksjonshemma, samt HHO.

– Godt oppmøte, og presentasjonen av rapporten vart godt motteke. Det som vart påpeika, var å få anledning til å kome med innspel vidare i prosessen, seier, Nyheim.

Ute på høyring

Status no er at rapporten er ute til høyring hos dei nemnde lag og organisasjonar, samt Stangvik grendalag, med frist 26. september.

– Det er slik at dei fleste eldre ønskjer å vere heime lengst mogleg. Kommunen ønskjer derfor å satse på eldresamtalar, der kommunen kjem heim på besøk til alle som er eldre enn 75 år og ser på moglegheitene for å tilrettelegge slik at dei kan bu heime lengst mogleg. Velferdsteknologien har kome kjempelangt med ulike tekniske hjelpemiddel for slik tilrettelegging, og vi vil og sjå ei rivande utvikling på dette området framover, seier Nyheim.

Etter høyringsfristen går ut skal det gjerast eit vedtak i HHO, før saka kjem opp i kommunestyret i løpet av hausten.

Stadig fleire eldre

Kommunen gjer ikkje dette berre for at dei eldre kunne bu heime lenger, men og fordi at det blir stadig fleire eldre.

Tala viser at det i dag er fire personar i arbeidsalder (16-67 år) for kvar person over 67 år i Surnadal. Fram mot 2030 vil dette nær halverast, altså at det blir berre to i arbeidsalder for kvar person over 67 år.

– Vi er nøydd til å gjere noko, så vi i Surnadal kommune vil ikkje berre sitje og vente på utfordringane som vi veit vil kome, vi ønskjer heller å ligge i forkant. Det er nettopp det denne rapporten dreier seg om; korleis vi skal kunne betene folk best mogleg i framtida, alt etter kva folk ønskjer, og kva vi har moglegheit og hus til, forklarar Nyheim.

Endring i bruken

Ved Stangvik aldersheim har det vore to ledige plassar i lengre tid. Men her er det små rom, utslite ventilasjonssystem, for høge dørstokkar, med meir, som gjer bygget lite egna til sitt noverande bruk.

– Så enten har vi ei gedigen oppussing føre oss her, eller ei endring i bruken. Og alle teikn i tida tilseier ei endring, seier Nyheim.

Tilrådinga i rapporten går difor ut på å bygge om aldersheimen til tilrettelagde bustader.

– Med ei slik omdisponering av bygget aukar vi og talet på omsorgsbustader i kommunen, noko som er ein prioritert sak. I Todalen til dømes, er vi no er i gang med planlegginga av eit slikt nybygg nær butikken, seier Nyheim.

Ho er glad for den grundige rapporten, og er sikker på at kommunen skal lage gode omsorgstilbud for innbyggjarane.

– Vi tek framtida på alvor, og her finn vi gode forslag til løysningar. Vi skal drøfte oss fram til gode resultat, lovar ho.