Meteorologisk institutt melder om litt regn eller snø i Driva-distriktet utover laurdagskvelden, men sør/sørøstlig vindretning og fint turvær søndag.

Det kan dermed bli fine forhold for alle som har tenkt seg ut på søndagstur, enten det er i fjellet eller andre steder.

Som vanleg blir det også denne søndagen tur i regi av 52-17 Søndagsturen. Denne gongen går turen til Sletta i Settemsdalen.

- Parkering på vegenden i Sletta. Der har vi ein base kor ein kan grille og drive med skileik og aking. Det vil vere muleg å kjøpe pølse med brød og varm saft. Vi sørger for oppkøyrt løype for dei som ønskjer å gå på ski innover mot Kjølen/Englivatnet. Turen går i ope og familievennleg fjellterreng, opplyser arrangøren. Les mer om opplegget her.