Salmeboka vart suksess og bestseljar med  matratonsendinga på NRK før jul. Onsdag kveld går programmet «Salmeskatt»  i Stangvik kyrkje.

Lokale oppfølgjarar av TV-suksessen skjer no rundt heile landet. I Stangvik blir det ingen maraton, men ein times «salme-sprint» med varierte glimt frå kyrkja sin rike songkultur.

Vaksenkor og barn er forsongarar. Allsongen er likevel hovudsaka – her kan alle synge med etter lyst og evne. Programmet spenner over eit vidt spekter av kjent og nytt stoff – frå barnesong og gospel til hymner og folketonar.

Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor viser også korsatsar frå den skattkista som vår nye salmebok har vist seg å vera.