Kommunestyra i Sunndal og Surnadal møtes onsdag for å diskutere Statens vegvesen sin rapport om kryssing av Todalsfjorden. Vegvesenet har vurdert Trollheimstunnelen, undersjøisk tunnel to stader, ei hengebru og tre flytebruer.

Statens vegvesen ville i tiår ikkje høyre snakk om bru over Todalsfjorden. I dag er realitetane annleis. Etter ei samla vurdering tilrår Statens vegvesen å gå vidare med planlegging av brualternativa hengebru og flytebru i Svinvika. Dette fordi Vegvesenet ser på bru som betre kryssingsalternativ enn tunnel, når alternativa elles kjem likt ut. Eit viktig moment, meiner vegvesenet, er at bru kan nyttast av alle, også dei mjuke trafikantane. Både flytebru og hengebru kan byggast med teknisk kjente løysingar, og kostnadene er relativt like.

– Ein bør difor greie ut begge brualternativa gjennom ein kommunedelplanprosess, seier Vegvesenet.

Og det er nettopp dette kommunestyra i Sunndal og Surnadal skal ta stilling til. Om politikarane vil, kan dei også fatte eit vedtak. I saksframgreinga seiest det:

– Kommunestyra i Surnadal og Sunndal ber om at Møre og Romsdal fylkeskommune i den vidare planlegginga legg alternativ med bruløysing mellom Rakaneset og Svinvika til grunn.

Om kommunestyra ikkje er klare til å ta ei avgjer i fellesmøtet onsdag, bør dei etter eige meining ha drøfta det klart i eigne kommunestyre i mai.

Gamal historie

Kryssing av Todalsfjorden har det vore arbeid med sia 1939. Fleire gonger har det vore på nippet til at det har blitt noko, men av ulike årsaker har prosjekta havarert kvar gong. Og om dei klarar å dra dette prosjektet i hamn står enno att å sjå. Men med eit snarleg vedtak om kryssingsalternativ og oppstart av kommunale planprosessar vil arbeidet vere kome lenger enn den nokon gong har vore før. Kryssing av Todalsfjorden skal realiserast som vegprosjekt i fylket etter Nordøyvegen, som ennå ikkje er oppstarta.

Ikkje uproblematisk

Hengebrua og flytebrua over Svinvika kostar om lag like mykje, 2,4 og 2,8 milliardar kroner. Bompengar er tenkt som ei av fleire finansieringskjelder. Vegvesenets vurderingar er at potensialet er om lag 300 millionar kroner, tilsvarande knapt 15 prosent av investeringskostnad. Begge alternativa vil få 4,4 kilometer tunnel på Rakanesetsida og ein 850 meter tunnel mellom Svinvika og Nordvik.

Vegvesenet seier det ikkje er problemfritt med brulanding i Svinvika. Litt vanskelege grunnforhold og omsynet til bebuarar og Svinviks Arboret vil det difor greie ut nærare i det vidare arbeidet. På Rakanesetsida blir forholda for bruinnfesting og vegarbeidar sett på som enklare.