Actis, M&R oppsummerer i eit lesarbrev inntrykket av russefeiringa i Møre og Romsdal. Dei meiner hovudinntrykket er at feiringa i vårt fylke jamt over går betre enn det medieoppslag i andre delar av landet kan gje inntrykk av. Dei meiner det likevel er visse  generelle trekk som det er all grunn til å ta på alvor.

Her er lesarbrevet som er underteikna fylkesleiar Eivind Hasle, som óg er varaordførar i Surnadal:

"Actis, M&R har summert opp inntrykket sitt  av russefeiringa i Møre og Romsdal. Hovudinntrykket er at russefeiringa i vårt fylke jamt over går betre enn medieoppslag i andre delar av landet kan gi inntrykk av der. Dette heng i stor grad saman med oversiktlege lokalsamfunn og skolemiljø, og gode støttepersonar blant politi, skolepersonale , helsesøstrer og foreldre som bidrar positivt for å unngå ulykker og skade.

Generelt har russefeiringa  likevel visse trekk som det er all grunn til å ta på alvor:

a) Det har i år vore meldt om ei rad tilfelle av voldtekter i tilknytning til russearrangement.  Mykje tyder på at voldtekter har skjedd også tidlegare, men at det no er blitt fleire slike hendingar, og at det er større vilje til å rapportere om dei.

b) Slike voldsepisodar blir underbygd av det menneskesynet som blir formidla av mange av russelåtane. Media har i år gitt oss innblikk i kommersielle interesser som til dyre dommar formidlar musikk og tekster med holdningar og menneskesyn som er så langt frå skolens mål som det er mogleg å komme.

c) Dei negative episodene rundt russefeiringa har i stor grad samanheng med rusmiddelbruk.  Det er trist å sjå reportasjar om herverk, flaskeknusing og kidnapping, kombinert med bilde på nettet av unge gutar og jenter som ”bælmer  øl” eller er sterkt rusa. Det er dessverre alt for langt mellom ungdommar som representerer ein motvekt mot den festprega og kostbare russefeiringa, som ”sykkelruss”, ”kristenruss” eller ”edru-russ.”

d) Det er i liten grad gjort undersøkingar som fortel om samanhengen mellom russefeiring og skole- og eksamensresultat. Men dei fleste som har arbeidd i opplæringssystemet nokre år, veit at russefeiringa for mange elevar har ført med seg ei negativ utvikling og tap av viktige eksamenspoeng i innspurten.  Det er trist når samfunnets satsing på utdanning og kvalitet blir svekka av ei øydeleggande russetid.

Actis, M&R ser russefeiringa og avslutninga av vidaregåande opplæring i samanheng med behova i arbeidslivet og starten på studielivet ved høgskole og universitet. KoRus (Kompetansesenteret for Rus i Midt-Noreg) rapporterer m.a. at ”Undersøkelser viser en bekymringsfull rusbruk blant studenter”.  Grunnlaget for ein sunn og berekraftig livsstil og gode arbeidsvaner blir lagt i barne- og ungdomsåra. Derfor er det også viktig kva russefeiringa fortel om dette".