Samferdselsutvalet skal i neste veke ta stilling til alternativ til kryssing av Todalsfjorden. Statens vegvesen har i sin rapport tilrådd bru mellom Rakaneset og Svinvika som det beste alternativet for fjordkryssinga. Kommunestyra i begge kommunane har slutta seg til dette.

Fylkesrådmannen viser i si saksutgreiing at alternativa med tunnel har av ulike årsaker vorte forkasta.

- Med bakgrunn i at både faginstans og berørte kommunar stiller seg bak same alternativet, vil fylkesrådmannen rå til at det er denne løysinga ein går vidare med.

Innstilling til vedtak: Ved vidare planlegging kryssing av Todalsfjorden skal ein legge til grunn bru mellom Rakaneset og Svinvika etter alternativ 2B og 2C.

I rapporten har Statens vegvesen vurdert dei ulike løysingsalternativa. Rapporten tilrår at ein går vidare med planlegging av brualternativa i Svinvika med bakgrunn i:

• Alternativa nyttar kjente tekniske løysingar

• God løysing for mjuke trafikantar

• Byggjekostnadar

• Reisetid

Fylkesrådmanne syner til at ei bru kan nyttast av mjuke trafikantar, noko som ikkje er mogleg med tunell.

Tekst.m.innrykk: Ein undersjøisk tunell må forlengast med 2,8 – 3,3 km i forhold til tidlegare berekningar grunna nye krav. Det lange tunellalternativet vil vere 9,7 km lenger enn brualternativet. I tillegg kan det kome krav om to løp grunna lengde og djupn.