Fleire har nok sett det unge paret frå Polen langs vegane på Nordmøre dei siste dagane.

-Dette er ferien vår. Det er fleire grunnar til at vi haikar, vi får oppleve mange eventyr, verte kjend med mange nye menneske, sjå nye plassar og det er ein billig måte å kome seg rundt på, seier Maryna.

Sist natt sette dei opp telt utanfor banken på Sunndalsøra. Sunndalsøra er favorittplassen så langt.

-Det som er så fascinerande med Sunndalsøra er kontrasten mellom den store fabrikken og dei enorme fjella. Vi jobbar både som kunstnarar, eg som lydkunstnar og Maryna som visuell kunstnar. Vi jobbar med eit prosjekt saman om kombinasjonen mellom natur og fabrikkar, fortel Michael. Han har funne mange nyansar i lydbiletet på Sunndalsøra dei fleste av oss ikkje er bevisste på.

-Ein kan nesten alltid høyre lydar frå fabrikken kombinert med lydar frå naturen, særleg fossane. Lydane står aldri aleine, dei eksisterer saman. I tillegg vert det aldri heilt stille her, lydane ligg kring oss heile tida. Det er utrulig fascinerende, fortel han.

Paret fortel at det til tider har vore tøft å haike i Noreg.

-Ja, det er kanskje ikkje så vanleg å haike her? Det verkar som om folk ikkje er heilt van. Men det går bra! Det har hendt vi har måtte venta eit par timar i vegkanten og det har vore til tider utruleg vått og kaldt, men vi vert alltid plukka opp av trivelege folk, fortel Maryna.

Det er ikkje fyrste gong Michael vitjar Noreg eller Sunndalsøra. Han har jobba her fleire år på rad, og kjenner landet godt.

-Eg har vore 3-4 månader av gongen i Noreg, og haika rundt, i tillegg har eg jobba litt. Eg har vore mykje på Åndalsnes. Eg ville vise kjærasten min det flotte landet, særleg Sunndalsøra. Ein kan seie eg har vorte avhengig av Noreg, det er så flott her og eg kjem att år etter år, fortel Michael.

Dei to byrja ferien med jobb i Steinkjer.

-Vi plukka bær eit par veker, så starta vi å haike. Ruta gjekk frå Steinkjer til Hitra, og så viare til Orkanger, så haika vi gjennom Rindal og Surnadal før vi ende opp her, fortel Maryna.

-Ja, det vart ein del omvegar, og masse eventyr! Vi skulle eigentleg til Sunndalsøra med ein gong, men møtte på ein hyggeleg kar frå Hitra som inviterte oss heim til seg. Der fekk vi sove i mjuke senger og bade i badekar. Det var stas, seier Michael.

Vitjinga på Sunndalsøra vert kort for denne gong, allereie i ettermiddag går turen mot Oppdal.

-Vi må byrje å bevege oss mot Oslo, vi har flybillettar til Frankrike på måndag morgon, der skal vi halde fram med å haike rundt, og kjem til å dra til mellom anna Barcelona og Venezia før vi dreg til Polen att, fortel Maryna.

Det vert nok ikkje siste gong dei to vitjar distriktet.

-Nei, vi kjem att hit neste år, da skal vi planleggje betre så vi får tid til å gå på fjelltur! seier Michael.