– Det er fullt køyr heile sommaren, vi får besøk frå heile verda! fortel Siw.

Fleire og fleire nyttar nettetesta Airbnb, der ein kan leige ut sin eigen bustad til besøkande eller finne spanande plassar å bu sjølv over heile verda. Siw og familien hennar har sjølv budd på ulike plassar dei har funne gjennom nett-tenesta.

–Eg tykker ikkje det er så stas å bu på hotell, det er mykje betre å bu ein meir personleg plass, ein vert kjend med staden på ein heilt anna måte, vi bur så å seie alltid på bustader funne gjennom Airbnb når vi er ute og reiser. Nettstaden er bygd på gjensidig tillit mellom vert og gjest. Vi har aldri opplevd noko negativt, verken som besøkande eller vertar, fortel Siw.

Internasjonalt

På garden på Håshjellan bur Siw og mannen Rune Gikling med hestar, hundar, høner og katt. Dei har tre born som alle er vaksne og har flytta heimanfrå, i tillegg har dei eitt barnebarn. Garden har mange hus, og paret stort hjarterom. På gardstunet står eit lite, gråmala hus. Der innkvarterer dei gjestane.

–Ein må nesten vere litt sosial når ein skal leige ut bustad i sin eigen bustad. Det vesle huset vert nytta mest til utleie, men vi har også leid ut rom inne i vårt eiget hus, og om det er ein riktig stor familie som kjem hender det at vi leiger ut eit anna, litt større hus, fortel Siw.

Dei har nok å henge fingrane i.

–Ja, no drog nettopp ein familie frå Sør-Afrika, før det var det ein familie frå Frankrike, så ein familie frå Nederland og om ein time kjem ein far og son frå Tyskland. Tidlegare i sommar har vi hatt besøk frå mellom anna Russland, USA og Finland. Vi har fullt opp, ofte har eg berre ein time eller to på å gjere klart til ny gjestar, seier Siw medan ho rer opp ei seng. Gjestane kjem til redd seng og reint hus, men resten får dei ordne sjølv.

–Gjestane sett ofte pris på at dei kan lage mat og slikt sjølv. I utleigehuset er det eit kjøkken og det er terrasse med grill, fleire har nytta høvet til å grille ute i sommar, trass vêret, fortel Siw.

Bu i jurt

Airbnb har forandra måten mange reiser på. I staden for å reise frå det eine hotellrommet til det andre har folk no moglegheita til å velje blant tusenvis av spanande bustader. Det er mange positive sider ved å leige frå private folk i staden for hotell eller liknande. For det fyrste er det mykje billigare enn hotell, ein vert kjent med lokale folk, og ein kan bu i utradisjonelle bustader. Siw er begeistra for nettenesta.

–Ein kan bu i alt frå eit trehus til å leige ei eiga øy, eit slott eller bu i ein mongolsk jurt, moglegheitene er uendelege. Mange av dei som bur hos oss bur berre på plassar dei har funne gjennom nettstaden, no nyleg hadde vi besøk av ein nederlendar på motorsykkel. Han skulle frå Lindesnes til Nordkapp, og hadde bestilt bustader gjennom Airbnb heile vegen, fortel Siw.

I storbyar som New York og London utgjer dei private utleigarane stor konkurranse for hotella. Slik er det enno ikkje i vårt distrikt. I Sunndal er det fire som leiger ut hus eller rom gjennom Airbnb, i Nesset er det ein utleigar, og i Halsa er det også ein vert. I Surnadal og Rindal er det ikkje nokon som leiger ut gjennom nettstaden enno.

Innerdal i Canada

Etter besøket legg gjestane igjen ei anbefaling på nettstaden. Vertane legg også igjen anbefalingar på gjestane. Anbefalingane vert som ei kvalitetssikring for begge partar.

–Vi har berre hatt trivelege folk på besøk, og har fått nye kjenningar over heile verda. Det var bland anna nokre ungdommar frå Canada på besøk. Dei dreiv med folkemusikk, og var interesserte i folkemusikken herfrå. Eg sett dei i kontakt med onkelen min, Ivar Innerdal. han har skreve mykje musikk og speler sjølv hardingfele. Dei vart utruleg begeistra, og det enda med at dei kjøpte hardingfele og hadde ein konsert i Canada med blant anna musikk skreve av onkel Ivar! seier Siw. Ho fortel at ho er ven med fleire av gjestane på Facebook, og held kontakten.

Meir om Siw , turistar og Airbnb i dagens Driva!