Festivalen er den 12. i rekka og vart utruleg godt besøkt.

-I overkant av 700 tok turen i dag, og det var folk frå 0 til 70 år, så det er noko for alle! fortel Ståle Sande i Nordmøre Gatebilklubb.

Sola skein heile dagen, stemninga på topp, og eit hundretals utstilte bilar skinte i kapp med kvarandre.

Det lokale skydekket bidro berre til auka stemning. Hovudattraksjonen var spøling på banen. Fire år gamle Emil Solvær frå Aure tykte det var så stas at kan knapt kunne snakke.

-Eg tykkjer alt med bil er artigt! Sjå! Det går fort! Utbryt han og held seg for ørane i det bilen rusar rundt på banen i ei sky av rauk. Emil vert ståande å sjå på med åpen munn.

Trass populær oppfatning var det ikkje noko fest og fark på Gatebilfestivalen i dag, arrangementet passa for alle, og mange familiar tok turen.

-Det viktigaste med festivalen er at det er sosialt. Vi har gått ut og sagt at folk ikkje skal vere synleg berusa på området i dag, noko alle har respektert. Det skal vere artig for store og små! fortel leiar i Nordmøre Gatebilklubb, Frank Røen.

Han legg til:

-Det er så flott at så mange tok turen i dag, og utstillinga er også strålande, det er mange bilar i millionklassen her!

Meir om Gatebilfestivalen i onsdagens Driva!