Mange har fått gleda av å sjå filmane til Eistein, som ofte handlar om lokal historie. Trass ein ryggoperasjon nyleg har ikkje historieforteljaren lugge på latsida.

– I september vert det premiere på det største prosjektet mitt til no, ein film om krigstida i Surnadal, fortel Eistein. Og ikkje nok med det, det kjem ein heil serie med forteljingar frå kvardagsliv under krigstida.

– Ja, eg har prata med dei som var born og ungdom under krigen, som no er mellom 80 og 95 år gamle. Folk frå heile kommunen har fortalt historier, og eg har fått så mykje gode opptak og forteljingar at det i tillegg til filmen vert ein serie kortare episodar med forskjellige tema. Det er viktig å samle desse forteljingane som tidsdokument til ettertida. Eg snakka til dømes med ein 92 år gamal kar. Han var oppegåande og sprek, men berre tre dagar etter intervjuet døydde han, fortel Eistein.

Han har holdt på med film sia 90-talet, men det var musikar han ville bli.

–Eg speler dragspel, orgel og piano. Det har vore ein fin og givande hobby opp gjennom åra. På 60-talet vann eg tre landstevner i regi av Noregs bygdeungdomslag, og gjekk ei stund i tankar om å ta ei utdanning i musikk. Eg hugsar mor mi sa: kunstens veg er tornefull. Det tok eg til meg. Eg starta å arbeide på Vegvesenet, der vart eg i 25 år før eg gjekk over til Felleskjøpet, der eg jobba i 20 år, fortel Eistein. Han innrømmer at han av og til tenker på korleis det hadde vore å satse på musikken, men seier han er nøgd med valet han gjorde.

– Hadde ein hatt musikk som yrke kan det hende ein hadde vorte lei. Nei, eg har stort sett levd godt med valet eg gjorde, og musikken har vore ein flott hobby, seier han.

Sommaren har vore grå, men det tykker ikkje Eistein gjer noko.

– Nei, eg bryr meg ikkje så mykje om vêret. Det har vore ein fin sommar, eg og kona mi, Dagmar, tykker det er stor stas kvar gong borna og barnebarna våre kjem på besøk. Eg har ikkje teke ferie enno, det gjer eg helst utanom ferietida, fortel Eistein. På søndag kan ein oppleve musikanten til fjells. Han speler dragspel under friluftsgudstenesta på Røstasetra.

– Ja, eg har funne mi nisje, å spele på friluftsgudstenester. På søndag skal eg spele eit par stykke av rindalingen Tore Evnebakk som eg har tilpassa, seier Eistein.

Røyrlege bilde og bevegande musikk går han i hand.

– Det er ein fabelaktig kombinasjon å jobbe med både lyd og bilde. Når det gjeld filmskaping kan musikken ein brukar forsterke eller dra ned filmen, alt ettersom. Eg har hatt menge framsyningar opp gjennom åra, fyrst var det mest for gammalfolk, no er det for jamaldringar, fortel Eistein med eit smil. Han har fleire oppdrag, men passar på å ikkje få det travelt.

– Eg legg opp løpet sjølv, og passar på å ikkje jobbe så mykje at det vert stress. Eg skal ikkje borti stress. No hald eg på med det eg har lyst til, og eg kjem til å halde fram så lenge helsa held, seier han.