Laurdag var stortingsrepresentant Else May Botten på Nordmøre og deltok i valkampen både i Bæverfjord og i Surnadal. Ho rakk sågar å innom skytebanen og sikre seg  skyteprøven til storviltjakta på turen over Nordmarka – og den klarte ho med glans.

- Arbeid til alle er framleis den viktigaste saka for oss,  og dei siste prognosane frå NAV gjer ikkje saka mindre aktuell, sa ho.  I dag er rundt 125.000 utan arbeid og dei siste prognosane syner ei auke til rundt 150.000 til neste år og kanskje blir tala enda større. I Surnadal vart Botten motteken ved Surnadal hamn av ordførarkandidat  Lilly Gunn Nyheim , listekandidat Geir Vaardal frå Surnadal Ap, Karin Helen Halle som er dagleg leiar i Surnadal Hamnelager og Hallvard Brusethaug, dagleg leiar i MøreTre.

Karin Helen Halle er dagleg leiar i selskapet Surnadal Hamnelager AS, og ho orienterte om planane og stoda for arbeidet med utbygginga av anlegget. Desse planane inneheld både utbetring og opparbeiding av arealet som er knytt til tømmerkaia og auking av djupna frå 6 til 10 meter for å kunne ta imot større båtar. Med Sea Cargos faste anløp kvar veke vil ein dekkje vestlandskysten og vil også ha tilgang  til utanlandske hamner via dette systemet - det er difor ein stor og viktig jobb å få infrastrukturen på sjøen på plass – i første omgang med Allskog, Talgø, MøreTre og PipeLife som volumaktørar.

Innafor gjerdet på sjølve hamna er det Kristiansund Hamn som rår grunnen, og der er det alt på gang med bygging av ein Ro/Ro-rampe og køyrebru til land. Halle kunne fortelje at den skal byggjast i stål og at det er klart at kontrakten har gått til eit  Sunnmørsfirma.

No ønska Halle drahjelp frå Else May Botten for å få finansieringa på plass.  - Botten understreka at det er viktig i samband med utbygginga også å legge til rette for anna industri, og at logistikkplanleggjarane tek høgde og tilpassar seg nye muligheiter for framtida.

Logistikken kan ofte være ei utfordring – 9500 fullasta trailerar går ut frå Surnadal, men også eit stort antal inn – det er difor viktig at det blir kjempa for å legge til rette både for sjøvegs transport og for utbetring av RV65 i denne samanhengen, sa Geir Vaardal og fikk støtte frå Hallvard Brusethaug frå MøreTre.  For Talgøbedrifta MøreTre  er sørvestlandet ein av dei største marknadene for selskapets MøreRoyal-produkt men dei opplever også stor auke nordover, medan inntransport av råvarer kjem frå Midt-Sverige og går langs RV 65.

- Det er så gøytt, for no skjer det ting på hamna, fortsette Lilly Gunn Nyheim, som sette stor pris på at det er godt samarbeid mellom næringsliv og politikarar for å få til løysingar. - Else May har jobba mykje med slike saker og vi har fått mange og gode råd frå ho, og vil vi nok fortsette dette samarbeidet i tida framover.

Vidare  på runden i Surnadal var Hallvard Brusethaug vertskap  for omvisning i det nye MøreRoyal-anlegget til MøreTre. Der det er investert over 40 mill. i nytt og moderne produksjonsanlegg dei siste par åra.  Det er eit heilautomatisk anlegg med stor kapasitet, og Botten fikk ei kort innføring om prosessane og produkta i det nye og miljøvenlege produksjonsanlegget.

- Så bar det vidare til Amfisentret og torgplassen på Skei for å ta del i valkampen som no etter kvart går inn i siste fase.