Det var seint onsdagskveld at ulven herja og drap ti lam og ein sau med Nikolai Finset i Eikesdal i Nesset kommune. Finset seier til Driva at han fann dyra mellom klokka elleve og halv tolv og at dei framleis var varme. Dei var for det meste ikkje ete på.

– Eg tala med naboen som hadde sett ulven, men eg såg han ikkje sjøl, fortel han til Driva. No fryktar han og andre sauebønder for at ulven skal kome att.

– Det skjedde veldig fort, seier han.

Fekk fellingsløyve

Hogne Frydenlund i Nesset kommune stadfestar at det er teken ti lam og ein sau i Eikesdal:

– Det er stadfesta at ulv har drepe ti lam og ein vaksensau i Eikesdal av rovviltkontakt. Det vart meldt frå til Fylkesmannen, som ba om å få fellingsløyve hos DN. Det vart innvilga, seier han til Driva.

Ringer til jegarar

– No driv vi og organiserer eit jaktlag. Vi treng ti personar som er lokalkjende og erfarne jagarar frå indre. Eg driv og ringer rundt for å høyre med folk no om dei har høve, seier Frydenlund.

Nikolai Finset vert jaktleiar og organisator når jaktlaget skal ut og jakte seinere i dag.