Komande veke brakar det laus med taekwondo i Surnadal, førstmed vaksenleir med 360 deltakarar. Med familiar og trenarar vil dette aukefolketalet i Surnadal betrakteleg i desse vekene.

Med 270 på barneleir slår ein fjorårets rekord på 243deltakarar ned i støvlane. Her plar som regel både foreldre og søsken å veremed på lasset. Kjell Gunnar Polden har rekna ut at berre deltakarane står for4335 overnattingsdøgn i desse to vekene. Dei kvitkledde vil altså setje sterktpreg på bygda når dei er her på leir.

Polden konstaterer at stadig fleire jenter begynner medtaekwondo, ein idrett som var klart gute- og mannsdominert før. No er 70prosent av medlemmene i den lokale klubben jenter.

Denne helga vil sommarleiren også huse landslaget som vilhalde intern uttaksmeisterskap til VM. Men dei aller fleste som kjem på leirvil vere reine amatørar.

– Vi er stolte over at vi klarer å gje tilbod både tilbreidde og topp, seier Polden.

Noko av hemmelegheita med å klare å samle så mangedeltakarar trur Kjell Gunnar Polden må vere at dei kjenner seg velkomne når deikjem til bygda.

– Det er berre tull dette at vi ikkje kan service her. Deisom har vore her på taekwondo-leir føler at dei har vorte så godt mottekne,seier han.

Nordmøre Folkehøgskole bygger ut nye fasilitetar fortaekwondo, noko som vil vere viktig både for framtidige leirar og for lokalklubb. Elles nyttar sommarleiren langt meir enn lokala på folkehøgskulen. Dettrenast fleire økter om dagen både i Folkets hus, i Surnadal idrettshall, påØye skule, på Surnadal ungdomsskule og i Surnadal kulturhus.

– Vi håpar på fint ver slik at vi kan bruke kunstgrasbanenpå Øye i tillegg. Det er det aller beste underlaget for å trene taekwondo,seier Polden.

Dei vil også arrangere den årlege kvelden for deltakarar på25 + i Bondehuset i Stangvik.

Sjølv om det viktigaste er og blir taekwondo-trening, er detsett av tid og plass til ei rekkje aktivitetar som fjellturar, foredrag medulike tema og MOT-informasjon.

– Vi er ingen fanatisk fråhaldsorganisasjon, men på alt somgår føre seg i regi av sjølve leiren er alkohol bannlyst. Om dei vaksne som burpå Vårsøg hotell kjøper seg ein øl til maten, er det greitt for oss, fortelPolden.

Han understrekar at den store utfordringa for arrangøraneNordmøre Folkehøgskole i samarbeid med det sentrale forbundet og Surnadaltaekwondo-klubb er logistikken og å få alt av aktivitetar til å gå i hop. I densamanhengen trekkjer han fram Tove Drøpping frå klubben og Hjørdis Telstad påkontoret ved folkehøgskulen som uvurderlege støttespelarar.