Det er i eit brev adressert til miljøvernminister Bård Vegard Solhjell Wirum fastslår at staten ikkje gjev teikn til å få rovdyrsituasjonen under kontroll. Wirum har ved fleire høve ropt varsku om ein situasjon der stadig fleire lam og sauer blir rovdyrmat i det finaste beiteområdet i Grasdalen i Sunndal.

I brevet blir det vist til at tapssituasjonen har vorte verre og verre dei siste fem åra.

- Gjennomsnittleg tap i desse 5 åra har vore 23,8%.   I 2012 var tapa ufattelege 38,5% . 42% lam og 13% vaksne. Hittil i år pr. 02.08, er tapa 15%.  No er det så ille at Mattilsynet varsla om at dei ser ingen anna utveg enn å anbefale beitenekt, skriv Wirum.

Kravet på 4,3 millionar kroner er eingangserstatning. Dersom staten trur at ein vil kunne makte å få kontroll over rovdyra, slik at ein i framtida skal kunne utnytte Grasdalen, slik ein i alle tider har kunna, er kravet ei årleg erstatning på kr 580.000,-

Her er brevet som vart sendt til miljøvernministeren onsdag:

Miljøverndepartementet v/

Bård Vegard Solhjell

Garden Wirum, g.nr 101, b.nr 1 i Sunndal Kommune, har 173 dekar lettdrive innmark. I seinare tid har sauehald vore den produksjonen det har vore satsa på.

Garden har særdeles gode fjellbeite i Grasdalen, Norges fyrste landskapsvernområde. Her kjem beitene tidleg, og rundt 25. mai kan ein sleppe sau i Grasdalen. Her kan dei beite til oktober. I Grasdalen går breane ned til 7 – 800 meter, noko som megt gode beiteforhold heile sommaren.  Graset er fult av E –vitamin, urter med heilt opp i 30% protein, noko som resulterer i særdeles verdifull feittsyresamansetning i lammekjøtt av verdas beste kvalitet!.

I desse gode beite-områda har lamma på Wirum oppnådd ei gjennomsnittleg slaktevekt på 22,8 kg og topp klassifisering.  Dette er 4 kg meir enn landsgjennomsnittet.  Flokken på garden har og hevda seg i landstoppen innan avl, og har levert 5 seminverar til bruk i andre delar av landet.

Grasdalen høyrer til Trollheimen som er prioritert beite for sau. Viser til rovdyrforliket pkt. 2.2.19 ”Det skal ikke være rovdyr som representerer et skadepotensiale i prioritert beiteområde for husdyr og kalvingsområde for rein”.

Dei 5 siste åra har tapssituasjonen vorte verre og verre. Gjennomsnittleg tap i desse 5 åra har vore 23,8%.   I 2012 var tapa ufattelege 38,5% . 42% lam og 13% vaksne. Hittil i år pr. 02.08, er tapa 15%.  No er det så ille at Mattilsynet varsla om at dei ser ingen anna utveg enn å anbefale beitenekt (se vedlegg).  I rovdyrforliket pkt. 11.2.2.7 står det ”Det legges til grunn rovviltforvaltingen utøves på en slik måte at det ikke er behov for beitenekt etter dyrevelferdsloven i prioriterte beiteområder”.

Dette går ikkje lenger!  Dette er kroken på fjøsdøra på Wirum!   Med eit lammetal på 2,3 vil sauen på Wirum hauste det doble av dei foreiningane ein haustar frå innmarka på garden. Dersom ein reknar med at ein kan fø 300 søyer her, noko som er mogeleg, og sleppe ca 1000 sau i Grasdalen, Mattilsynet ilegg beitenekt, ville flokken trenge nye 360 dekar dyrka mark for å kompensere det sauen haustar i Grasdalen.

Reknar ein med at det kostar kr 12 000 å dyrke eit dekar, vil det koste kr 4 320 000,- å kompensere Grasdalen. Derfor er mitt krav overfor Staten 4,320 mill kroner som ei eingongserstatning for tap av beite når det er slik at rovdyrtapa stadig aukar og Staten viser ingen teikn til å få ropvdyrsituasjonen under kontoll. Det er difor naturleg å konkludere med at Grasdalen er tapt som beiteområde.

Trur derimot Staten at ein vil kunne makte å få kontroll over rovdyra, slik at ein i framtida skal kunne utnytte Grasdalen, slik ein i alle tider har kunna, er kravet ei årleg erstatning på kr 580.000,-

I summane ovenfor ligg å verdiforringelse av garden ved eit muleg salg m.m da Grasdalen ikkje kan nyttas til beite for sau.

Vi vil koma med meir detaljert informasjon angåande kravet når vi ser reaksjonen i skiftleg form korleis Staten vil forplikte seg framover. Det blir no ikkje nok med runde talemåtar i samband med eit stortingsval.

Med helsing

Trude Wirum,  Steinar Wirum.