Det var tidlegare i sommar Wirum sendte eit brev til Miljøverndepartementet med krav på 4,3 millionar kroner i eingongserstatning. Dersom staten trur at ein vil kunne makte å få kontroll over rovdyra, slik at ein i framtida skal kunne utnytte Grasdalen til beite, er kravet ei årleg erstatning på 580.000 kroner.

Nyleg fekk Wirum kopi av eit brev departementet har sendt til det nyoppretta Miljøverndirektoratet. I brevet ber departementet om Miljøverndirektorat si vurdering. Dei ber om oversikt over eventuelle tiltak som er iverksett i det aktuelle området der Wirum har sauene sine, og spør om det ligg føre planer om tiltak.

I svarbrevet til departementet skriv Wirum der han syner til at årets sanking er over. Tapstala er på 50% på lam og 4% på søyene. I tillegg er det store jurskader på fleire sauer på grunn av at lamma er teke frå dei tidleg på sommaren. Med slike tap er det ikkje muleg å halde talet på vinterfora dyr oppe. Vi har gått beitetilsyn to til tre gonger kvar veke gjennom heile sommaren. Når vi kom ut i august månad var tapa så store at vi måtte iverksette sanking sjølv om dette er ein månad før normal sanketid, skriv Wirum.

Han er kritisk til SNO som har iverksett få eller ingen tiltak sjøl om det har vore store tap dei siste seks åra.

«Det einaste dei har lagt opp til er lisensjakt, ingen jerv har så langt vore utteke. For oss er det nok no, vi ser oss ikkje råd til å forsatt drive med sauehald. Å vere vitne til alle dyrelidingane samt å produsere mat for rovvilt er lite gjevande. Grasdalen blir frå og med neste år tom for sau, og dermed ingen matproduksjon. Er dette i tråd med landbruksmeldinga, spør Wirum.

På bakgrunn av manglande forvaltning og tillit blir kravet om erstatning oppretthalde.