Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal skriv i ei pressemelding at rovviltnemnda gløymde all kunnskap om gaupebestanden då dei gjorde om vedtaket sitt om kvotejakt på gaupe før jul. Dei spreidde då kvota utover heile regionen i staden for at det berre skulle jaktast i område utan mål om yngling. No må dei sjå på vedtaket på nytt.

- Det kan vere eit godt poeng at ein kan jakte gaupe dei fleste stadene, men då er føresetnaden at ein har ein så stor bestand av gaupe at det er ein livskraftig bestand også etter at jakta er ferdig. Siste teljing fortel at talet familiegrupper ligg under målsettinga både i Midt-Noreg og på landsbasis.  Når ein ser på jaktresultata dei siste åra, er det heller ikkje overraskande at det er slik. Møre og Romsdal har aldri nådd ynglemålet i nyare tid, og Sør-Trøndelag har vore tre år under målet og er ved siste teljing på ein fjerdepart. Sjølv Nord-Trøndelag nådde berre akkurat målet sitt sist, når ein godtar at tre av dei seks familiegruppene held seg utanfor prioritert yngleområde, skriv Folden.

Han meiner rovviltnemnda si oppgåve er i følgje rovviltforliket å halde rovviltstammane nærast mogleg ynglemålet. Det gjeld også når bestanden ligg på undersida av målsettinga, og då tyder det at rovviltnemnda skal arbeide for at det blir fleire gauper.

- Det får ein nok ikkje til viss ein skyt for mange av dei som er igjen. Det gløymde rovviltnemnda heilt då dei gjorde om kvotevedtaket før jul. Då måtte det ende med ei klage frå Naturvernforbundet. Rovviltnemnda skal handsame klaga 13. januar. Klaga blir endeleg avgjort av Miljøverndepartementet etter tilråding frå Miljødirektoratet. Den nye regjeringa har lova at slike klagesaker skal avgjerast innan 3 veker.