Hovudfordelinga av spelemidlar gjekk i statsråd 11. april. Til fordeling til idrettsanlegg ut i kommunane, fekk Møre og Romsdal 57 902 000 kroner. Dette er ei auke frå 2013 på 10 millionar.

- Det er berre fem fylkeskommunar som har meir til fordeling enn Møre og Romsdal, noko ein må seie seg særs nøgd med i forhold til folketal, seier Siri Ask Fredriksen, rådgivar fysisk aktivitet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fredriksen fortel at midlane skal fordelast til ordinære anlegg og til nærmiljøanlegg.

- Innan søknadsfristen 15. januar, fekk vi inn 250 søknader, av desse er 225 godkjente og har ein søknadssum på til saman 252 millionar. Tildeling til søkjarane vert gjort på møte i Kultur og folkehelseutvalet 4. juni, fortel Fredriksen.